Ny studie: Mobbing kan vere like skadeleg som vald i heimen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar har undersøkt kva som ligg bak at barn blir viste til behandling i barne- og ungdomspsykiatrien. Dei fann av alvorleg mobbing kan påføre barn like store traume som vald i familien.

Marianne Skogbrott Birkeland er traumeforskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS). Foto: NKVTS

Studien omfattar 4.000 barn og er gjort av forskarar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS). Forskarane vart overraska over det dei fann, skriv NRK.

– Ja, vi vart i grunnen det. Og dette seier oss at det å oppleve alvorleg mobbing har ein del likskapstrekk med det å ha opplevd vald i familien. Begge delar er psykisk og av og til fysisk vald, seier Marianne Skogbrott Birkeland, traumeforskar ved NKVTS, til kanalen.

Halvparten opplevde mobbing

Over halvparten av dei 4.000 barna som er med i undersøkinga, fortalde at dei hadde vore utsette for alvorleg mobbing. Ein tredel hadde opplevd vald i familien.

Forskaren peikar på at alvorleg mobbing kan gjere barn og unge utrygge i kvardagen.

– I tillegg så kan det på sikt også skape eit negativt sjølvbilete og negative forventningar om andre. Ein kan forvente at andre ikkje likar ein, at ein ikkje er noko verdt, seier ho.

I første halvår av 2022 vart det meldt inn 886 mobbesaker til statsforvaltarane. Det er ein auke på 16 prosent frå same periode i fjor, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Av sakene som vart behandla våren 2022, fekk 93 prosent av elevane medhald i at aktivitetsplikta var broten, og at skulen ikkje hadde gjort nok for å førebyggje.