Vekas viktigaste: Russisk militære, straumstøtte og protestar i Iran

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mann sikta og etterlyst for medverknad til masseskytinga i Oslo

«Kjærlighet er ein menneskerett» står på eit kort i blomsterhavet utanfor Per på hjørnet, der to personar blei drepne i masseskytinga i Oslo. Åtaket blir etterforska som terror og hatkriminalitet mot skeive. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

MERK! Denne saka vart redigert inn kl. 11.37 etter politiet hadde pressekonferanse.

Fredag klokka 11 hadde politiet ein pressekonferanse om masseskytinga i Oslo.

Der fortalde dei at endå ein mann er sikta og etterlyst for medverknad i masseskytinga.

Terrorsikta Zaniar Matapour gjennomførte skytinga natt til laurdag 25. juni, der to personar vart drepne.

– Han er norsk statsborgar i 40-åra og er kjent for politiet frå tidlegare, sa politiadvokat Børge Enoksen om den nye sikta. Han legg til at dei samarbeider med utanlandske myndigheiter for å få tak i mannen.

TV 2 erfarer at denne mannen er den norske islamisten Arfan Bhatti, som tidlegare har vore leiar for gruppa «Profetens Ummah».

Dette stadfestar også NRK sine kjelder.

Dette er ei islamistisk gruppe som blant anna opent har støtta ekstremistgruppa den islamske stat (IS). Bhatti har vore i Pakistan den siste tida, og ifølgje TV 2 sine kjelder skal norsk politi ha samarbeida med myndigheitene i landet for å få han utlevert. Bhatti er no også etterlyst internasjonalt gjennom politisamarbeidet Interpol.

Russland sender 300 000 nye soldatar til Ukraina

Vladimir Putin mobiliserer ein større russisk hær. Foto: Kremlin.ru/Wikimedia Commons/CC BY 4.0

Russland mobiliserer militæret delvis. Det varsla president Vladimir Putin på onsdag. Då blir vernepliktige eller militærveteranar kalla inn som soldatar.

Foreløpig kjem Russland til å sende 300 000 nye soldatar til krigen i Ukraina. Det er minst dobbelt så mange russiske soldatar i Ukraina, samanlikna med før.

Kort tid etter annonseringa, vart det utseld for flybillettar frå Russland til Serbia og Tyrkia.

Russland planlegg å ha såkalla folkeavstemmingar i Donetsk og Luhansk. Det skjer frå 23. til 27. september. Folk skal stemme over om dei skal vere ein del av Russland. Dette er dei to områda i Ukraina som Russland først invaderte. NATO meiner avstemmingane ikkje er legitime.

Straumtiltak i Stortinget

Utgreiing av olje- og energiminister Terje Aasland om kraftsituasjonen. Foto: Peter Mydske/Stortinget

Denne veka hadde Stortinget eit stort straummøte. Der diskuterte dei aukande prisar og tiltaka som må til for å hjelpe folk. Dei forskjellige tiltaka frå regjeringa kjem i 2022 til å koste 44 milliardar kroner.

Samstundes tener staten om lag 70 milliardar kroner ekstra på dei høge straumprisane, ifølgje NRK.

I tillegg la dei ulike partia på møtet fram nesten 100 forskjellige forslag for å hjelpe folk. Det vart ikkje vedteke å hastehandsame desse forslaga. Forslaga har difor gått vidare til vanleg handsaming i energi- og miljøkomiteen.


Protestar i Iran

DØD ETTER PROTEST: Mahsa Amini vart arrestert for å ikkje bruke hijab i tråd med loven i Iran. Foto: Familien til Mahsa Amini

Protestane i Iran held fram etter at Mahsa Amini (22) døydde i moralpolitiet si varetekt. Ho vart arrestert for å ikkje dekke til håret sitt i tråd med iransk lov. Det starta protestar i den kurdiske delen av Iran, som Amini var frå.

Sidan då har fleire tusen teke til gatene over heile landet, kvinner har brent hijaben sin og klipt håret sitt på sosiale medium.

I tillegg til å møte protestane med vald, stenger myndigheitene også ned nettet. Kommunikasjonsministeren fortel blant anna at det bli fleire avgrensingar på internettilgang på grunn av «sikkerheitsproblem». Samstundes hevdar hackargruppa «Anonymous» å ha stengd ned statlege medium.


Skjønnheitsklinikken Nomi

Kjendistrioen måtte droppe skjønnheitsklinikken etter hard kritikk. Foto: Julie Pike

På ei kort veke gjekk kjendistrioen Pita Tjelta, Vanessa Rudfjord og Synnøve Skarbø frå å lansere skjønnheitsklinikken Nomi, til å trekke seg ut.

I lanseringa skreiv dei at klinikken skulle drive med kvinnehelse, i tillegg til medisinske estetiske behandlingar. Dette gjorde dei både i ei pressemelding hjå NTB og i podkasten Synnøve og Vanessa.

Samanblandinga av kvinnehelse og estetisk behandling var det fleire som reagerte på. Kvinnene trekte seg difor ut tysdag 20. september, etter mykje kritikk. Ansvarleg lege Karim Sayed tok fullt eigarskap i selskapet.


Haaland svara ikkje på kritikk

Foto: Pixabay

Onsdag vart Erling Braut Haaland (22) konfrontert med kva han meiner om eigaren av klubben Manchester City, der han spelar. Klubben er eigd av sjeik Mansour bin Zayed Al Nahyan som er visestatsminister i Dei sameinte arabiske emirata.

Det skjer fleire menneskerettsbrot i dei sju emirata, og myndigheitene vert skulda for å drive med sportsvasking for å betre omdømmet sitt.

Haaland vart spurt om kva han meiner om eigarane. Haaland svarte at han aldri har møtt eigarane, og sa det var kraftige skuldingar.

– Eg synest det blir litt for dryge ord der, svarte Haaland ein NRK-journalist.