Kunnskapsdepartementet har ikkje planar om å avlyse eksamen våren 2023. Elevorganisasjonen vil ta ei endeleg vurdering etter lærarstreiken er ferdig.
Andrea Rygg Nøttveit

Denne hausten streikar norske lærarar som følgje av at Utdanningsforbundet og KS ikkje har vorte einige i årets lønsoppgjer.

Frå tysdag 13. september er 6368 norske lærarar tekne ut i streik. Det betyr at mange elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen ikkje får den undervisninga dei har krav på.

Frå måndag 19. september vil ytterlegare 1800 lærarar bli tekne ut i streik, varslar Utdanningsforbundet.

Elevorganisasjonen støttar streiken

Til NRK.no seier leiar i Elevorganisasjonen Aslak Berntsen Husby at dei følgjer situasjonen tett og vil sjå kva vurderingar dei gjer etter streiken er ferdig.

Leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Berntsen Husby. Foto: Eivind Lotsberg/Elevorganisasjonen.

– Openbert kan dette få betydning for eksamen. Eksamen er ein test som alle skal kunne stilla likt på, og ha same føresetnad for å klara, seier han til NRK.

Elevorganisasjonen vil at eksamen skal gjennomførast så sant alle elevar stiller likt, men krev ei risikovurdering om streiken dreg ut i tid.

Ifølgje NRK støttar Husby streiken, sjølv om han synest det har vart lenge.

Kunnskapsdepartementet: – Viktig del av sluttvurderinga

Våren 2020, 2021 og 2022 valde regjeringa å avlysa alle ordinære eksamenar som følgje av koronapandemien. Ei rettferdig sluttvurdering var eit av hovudargumenta frå Utdanningsdirektoratet.

NRK har vore i kontakt med Utdanningsdirektoratet om risikovurdering av eksamen våren 2023. Dei viser til Kunnskapsdepartementet, som svarar følgjande:

– Eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga for norske elevar. Det ligg ikkje føre planar om å avlysa dette skuleårets eksamenar, skriv kommunikasjonsrådgjevar Hanne Roald i Kunnskapsdepartementet til NRK.


Les også: Elevorganisasjonen-Aslak (20) ville invitert Tolkien på Toro-suppe

Den nyvalde Elevorganisasjonen-leiaren Aslak Berntsen Husby ville invitert J.R.R. Tolkien på middag. Foto: EO, Ukjend fotograf/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom
Oppdatert: onsdag 14. september 2022 12.32

LES OGSÅ

ANNONSE