«Skulen har altså ikkje blitt ein betre stad, sjølv om fråværet har gått ned»

Aslak Berntsen Husby
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Førre veke kom nyheita om at regjeringa innfører fråværsgrensa att frå hausten av.

Det er lett å forstå kvifor. Våren har gitt oss medieoppslag på medieoppslag om auka fråvær på fleire skular, og fråværsgrensa har ganske brei folkeleg oppslutning.

Men det er ein dårleg idé å innføre fråværsgrensa igjen. Det kan for nokon vere vanskelegare å forstå, men når elevar opplever ei grense som stiller mistillit mot dei og pressar dei ut av skulen må vi dykke djupare.

Les også: Studie: Fråværsgrensa har ført til meir fysisk nærvær blant elevane

Eit komplekst fenomen

Fråvær er eit komplekst fenomen, som ikkje har éi enkel forklaring. Det er fordi fråvær ikkje er et isolert problem, men eit symptom på mange forskjellige problem i skulen og hjå kvar enkelt elev. For kvar elev som er borte frå skulen, er det ein heil drøss med grunnar til kvifor. Dette kan vere angst, skulevegring eller mobbing. Mange av dei er legitime på kvar sin måte.

Fråvær er eit komplekst fenomen, som ikkje har éi enkel forklaring

Ein elev som slit psykisk, som ikkje har det trygt i klasserommet, som ikkje føler på motivasjon og meistring eller som opplever alt dette på éin gong, har vanskelegare for å møte opp på skulen. Er desse elevane late? Openbert ikkje. Det er heilt menneskeleg å vere demotivert, å bli mobba eller rett og slett ikkje evne å komme seg opp av senga. Vår generasjon er meir pliktoppfyllande, gjer det betre på skulen og drikk mindre enn våre foreldre. Det er altså ikkje eit problem med latskap som skuldast urovekkjande fråvær.

Alle ønskjer at elevar skal møte opp på skulen så mykje som mogleg. Det gjer elevane sjølv også. Det er ganske absurd at [parti, f.eks. Høgre] har skapt ein myte om at elevar er late og ikkje gidd å gå på skulen. Vi elevar diggar å lære og vi ønskjer å vere med i, og bidra i, eit fellesskap.

Paracet-skulen

Når du vert truga med å ikkje få vitnemål, er det jo heilt openbert at du hiver i deg ein Paracet og tvingar deg sjølv til å gå på skulen. Men er verkeleg målet vårt å piske folk på skulen? Eller er målet ein skule som er lærerik, motiverande og trygg – slik at absolutt alle elevar klarar å gå på skulen kvar dag? Ein skule der elevane har det godt med seg sjølv og dei rundt seg er ein skule der elevane ønskjer å møte opp, der dei ønskjer å lære, og der det vert lagt til rette for at dei skal ha det bra. Dette er målsettinga skulen skal ha, og alle ønskjer at den skal vere. Men om vi då ser på fråværsgrensa med dei brillene, då ser biletet heilt annleis ut.

Norsk ungdom slit meir, ikkje mindre

Etter 2016 har motivasjonen og trivselen i skulen gått ned. Stresset og prestasjonspresset har gått opp. Norsk ungdom slit meir, ikkje mindre, med psykisk helse. Og mobbetala har lege heilt bom stille. Skulen har altså ikkje blitt ein betre stad, sjølv om fråværet har gått ned.

Vanskelegare å fullføre

Fråværsgrensa har også ført til at skulen er blitt vanskelegare for dei som treng skulen aller mest. Elevar med allereie høgt fråvær, har etter fråværsgrensa vart innført fått ein høgare risiko for å ikkje fullføre og bestå vidaregåande. Med andre ord, fråværsgrensa gjer det vanskelegare å fullføre. Grensa er ein flopp som motverkar sitt eige formål!

Då Høgre, med Ap si støtte, innførte grensa i 2016 lovde førstnemnde at alle elevar som sleit skulle få hjelp. Likevel er det ikkje blitt lettare å få psykisk helsehjelp. Mange av pengane som skulle gå til skulehelsetenesta har blitt brukt på å bygge veg. Det er heilt krise at vi ikkje har nok helsesjukepleiarar i skulen. For dei som klarar seg fint på skulen, vil ikkje fråværsgrensa ha noko å seie. Men det er ikkje alltid dei vi skal tenkje mest på i skulepolitikken. Vi må tenkje på dei som treng skulepolitikken mest.

Krev ressursar

For å verkeleg gjere noko med fråværet i skulen, må skulen rett og slett bli betre. Men denne løysinga krev ressursar og innsats – medan ei fråværsgrense er eit gratis (og dårleg) tiltak. Så klart er det meir freistande for politikarane å hoppe over gjerdet der det er lågast. Men det vil vere et svik mot Noregs elevar.

Fråværsreglementet må anerkjenne fråvær som det det er, eit symptom

Alle er jo einige om at det skal vere klåre krav og forventningar til at elevane skal stille opp. Men fråværsreglementet må anerkjenne fråvær som det det er, eit symptom på eit større problem. Derfor må reaksjonen på fråvær vere hjelp, oppfølging og tiltak.

Om vi held fram å straffe fråvær med strykkarakterar, vil vi alltid dytte dei som slit mest lenger frå oss.

Det er dyrt for samfunnet når elevar ikkje møter opp på skulen. Men det er endå dyrare, både for eleven og samfunnet, at vi gir dei opp.


Les også: «Det er andre som definitivt treng den legetimen meir»

Foto: Studiostocs/Colourbox.com, Privat. Kollasj: Framtida.no