«Vil eg nokon gong gå tilbake til tida før pandemi? Kan eg nokon gong spole to år tilbake?»

Carina Fjellsol (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksta er eit av bidraga som fekk heider i Framtida.no og Foreningen! les sin skrivekonkurranse om fritid.

Er du ein av dei som spring fleire kilometer etter skulen eller ligg du på senga og stirar i taket? Alle brukar timane mellom søvn og skule på ulike ting.

Korleis eg bruker fritida mi vil på mange sider vere annleis enn din, men vi er jo begge einige om at fritida er noko vi alle treng. Ei tid enten for oss å finne oss sjølv eller for å få energi til å studere enda betre. Vi spring, trenar, svømmer eller sparkar fotball. Målet er å få oss sjølv til å føle oss bra på innsida, men også for å sjå betre ut.

Eg er ein av mange som har kjent ei følelse av å bruke fritida fornuftig. At der er ei meining med trening, men to år med korona kan forandre den gode følelsen.

I 2020 kom eit virus til Noreg og fekk namnet korona (namnet har endra seg i løpet av to år). Treningssenter og klubbar vart stengt. Skulen vart gjennomført på ein skjerm, men med fleire kilometer i avstand. Fritida vart brukt heime i lag med familien eller aleine på hybel. Fritida tok over kvardagen. Det digitale tok over det sosiale. Å vere aleine tok over kjensla av å vere inkludert, og den har prega oss både negativt og positivt.

Eg sprang orientering før pandemien, fordi eg likte naturen og eg likte å springe ein lengre strekning. Men det vart færre og færre treningar i løpet av pandemien fordi ein skulle ikkje møtes fleire om gongen. Lysta til å trene sank, lysta til å springe forsvann, energien til å køyre til trening sokk med nitti prosent. Kor forsvann lysta? Forsvann den i lag med kvardagen min? Eg valde å slutte på orientering når kvardagen begynte å nærme seg normalt, men kva er normalt? Eg valde å fokusere på skule i staden for å springe rundt i skogen med kart og kompass. Valde å bruke fritida mi på å ta igjen to år med heimeskule.

Eg er ein vidaregåande elev og studerer studiespesialisering, så det tek gjerne meir energi på å lese. Som vil seie enda meir tid i lag med bøkene. Korleis vart fritida mi påverka av pandemien? 

Fritida mi vart påverka av at det vart færre og færre treningar med orientering og lysten til å trene forsvann.

Fritida mi vart påverka av lite fysisk aktivitet fordi skulen gav meg haugar med innleveringar i staden for prøvar. Eksamen vart avlyst så enda meir tid utan prøver, men enda fleire innleveringar. Så den fritida eg ein gong brukte på familie og orientering vart no brukt på bøker, familie, ete og sove. Pandemien påverka fritida på ein stor måte, slik at eg ikkje husker kva ein normal dag er.

Mens fritida mi vart påverka, blei også di påverka. Kanskje annleis, men påverka. Pandemien har sett sine spor i det vi kallar fritida vår. Den tida vi brukar på bøkar, familie eller kanskje ein idrett. Vil eg nokon gong gå tilbake til tida før pandemi? Kan eg nokon gong spole to år tilbake? Kva ville du gjort?


William Matteus Fonn (17) frå Namsos vann skrivekonkurransen om fritid, arrangert av Framtida.no og Foreningen! les. Foto: Karoline Fonn