Lightyear vert stoppa i fleire land grunna lesbisk kyss: – Dei er idiotar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag har den nye Pixar-filmen Lightyear premiere på norske kinoar.

Men styresmaktene i minst 14 land kan nekte å syne Buzz Lightyear si reise «to infinity and beyond». Filmen har nemleg ei kort scene der to kvinner kyssar.

Allereie har Dei sameinte arabiske emirata forbode animasjonsfilmen, og Disney har til no ikkje lukkast med å få framsyningsløyve i 13 andre land i Asia og Midtausten.

Det melder Reuters. 

– Døyr vekk som dinosaurar

Chris Evans poserer før premieren på Lightyear. Foto: Joel C Ryan/Invision/AP

Skodespelar Chris Evans, som har stemma til Buzz Lightyear i filmen, er langt frå nøgd med at filmen kan verte stoppa fordi han viser større mangfald på skjermen:

– Sanninga er at dei er idiotar, seier han til Reuters.

Han peikar på at kvar gong ein i menneska si historie har teke eit steg framover, så har ein møtt motstand.

– Det er alltid folk som er redde og uvitande, og som prøver å halde fast i det som var før. Men dei folka døyr vekk som dinosaurane, seier Evans og understrekar at ein må omfamne endring.

Produsenten nekta å kutte scener

Ifølgje nyheitsbyrået AFP har filmen førebels ikkje verte nekta i Malaysia, men tilsynsmyndigheitene i landet krev at to scener vert kutta, fordi dei «ikkje er eigna til å verte sett av barn».

Men til Reuters seier Lightyear-produsent Galyn Susman at det er uaktuelt å kutte kyssescena ut av filmen:

– Vi kjem ikkje til å kutte ut noko, spesielt ikkje noko som er så viktig som det kjærlege og inspirerande forholdet som viser Buzz kva han går glipp av ved å ta vala han gjer. 

Tidlegare har Disney, som eig Pixar, vorte skulda av tilsette for å systematisk sensurere skeivt innhald.


Tom Cruise spelar kaptein Pete «Maverick» Mitchell i Top Gun: Maverick. Det er ikkje forventa at filmen får kinesisk premiere. Foto: Paramount Pictures 2022.

I desse landa kan filmen verte nekta:

  • Bahrain
  • Egypt
  • Irak
  • Jordan
  • Kuwait
  • Libanon
  • Oman
  • Palestina
  • Qatar
  • Saudi-Arabia
  • Syria
  • Indonesia
  • Malaysia
  • Dei sameinte arabiske emirata (allereie forbode)

Kjelde: AFP