Førespurnaden nemner spesielt program retta mot barn.
mm

Dersom Netflix ikkje fjernar det som blir rekna som støytande innhald, er dei truga med retten, skriv ABC nyheter.

Rådet som kjem med førespurnaden om å fjerne innhald er ein del av Gulf Cooperation Council (GCC). Dette er eit felles råd for landa Dei sameinte arabiske emirata, Saudi-Arabia, Kuwait, Qatar, Bahrain og Oman.

Dei ligg på vestkysten av Persiabukta, nokre gonger kalla den Arabiske Golfen.

GCC er ikkje tydelege når det kjem til kva slags innhald dei vil Netflix skal fjerne, men nemner spesielt at program retta mot barn ikkje er unnateke førespurnaden.

Ifølgje BBC viste saudiarabiske nyheiter ein sensurert animasjon av to jenter som kysser då dei diskuterte saka. Biletet er henta frå serien Jurassic World: Dinosaurleiren.

Saudi-Arabia er eit av landa der det å vere homofil kan gi dødsstraff.


ANNONSE