Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag annonserte den amerikanske forfattaren John Green at norske Kristine Froseth får hovudrolla som Alaska i Hulu-serien basert på boka Hvem er du, Alaska?. Originaltittelen på boka er Looking for Alaska.

Den mannlege hovudrolla vert spelt av 19 år gamle Charlie Plummer.

Josh Schwartz, som skal produsere serien, har arbeidd med å få romanen på storskjermen i 13 år. Allereie i 2005 skulle han skrive eit manus til ein film-versjon, men den gong vart prosjektet skrinlagt. No vert det endeleg ein serie, og det med ei norsk kvinne i hovudrolla.

Les også: Fabian Svegård Tapia i «Battle»: – Eg elskar presset

Ei ære å spele Alaska

Kristine Froseth er fødd i USA, men foreldra hennar er begge norske. Ho har difor reist mellom Oslo og New Jersey i heile oppveksten.

Sjølv skriv Froseth på Instagram at ho er mållaus over å ha fått rolla. Den 22 år gamle skodespelaren las først boka då ho var 13 år, og no skal ho sjølv spele Alaska: Det er ei ære, skriv ho.

Dette er likevel ikkje den første store rolla 22 åringen har sikra. Tidlegare i år hadde ho ei av hovudrollene i Netflix-filmen Sierra Burgess is a Loser. 

Les også: Folk strøymer til kinosalane for å sjå debutfilmen til Jo Vemund Svendsen

Eit stort kanskje

I boka møter ein Miles Halter. Halter har nettopp flytta frå heimstaden sin Florida for å gå på Culver Creek Pensjonatskule.

Der møter han Alaska Young. Ho er vakker, smart, ustyrleg og eit lite mysterium. Halter vert fascinert med ein gong.

Halter er oppteken av berømte siste ord, og særleg diktaren François Rabelais si siste ytring om at han «reiser for å søke eit stort kanskje» har bite seg fast hjå tenåringen. Halter sjølv leitar etter eit stort kanskje. Og så møter han Alaska. Ho snur heile verda hans på hovudet, og ting vert aldri dei same att.

Boka vart publisert i 2005, og er den første John Green skreiv. Det var likevel først etter boka Faen ta skjebnen (på engelsk: The Fault in our Stars) i 2012 at han verkeleg fekk vind i segla.

Faen ta skjebnen vart filmatisert i 2015 med Golden Globe-nominerte Shaileen Woodley og Ansel Elgort, også han Golden Globe-nominert, i hovudrollene.

Kristine Froseth går med andre ord inn i eit godt selskap.

Les også: Er livet tøft? Dette bør du høyre og sjå!