Fleire land forbyr storfilm grunna trans-karakter

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka har Steven Speilberg-filmen West Side Story omsider kinopremiere, etter å ha vorte forseinka grunna koronapandemien.

Men i nokre land får musikalentusiastar likevel ikkje høve til å sjå dei rivaliserande the Sharks og the Jets på storskjermen.

Saudi-Arabia, Kuwait, Bahrain, Oman, Qatar og Dei sameinte arabiske emirata vil nemleg ikkje syne filmen, melder The Hollywood Reporter.

Regionale kjelder fortel avisa at kinonekten er grunna karakteren Anybodys, som er transperson i filmen og spelt av den ikkje-binære skodespelaren Iris Menas.

Skeiv sensur

The Hollywood Reporter skriv at filmen ikkje fekk distribueringsløyve i Saudi-Arabia og Kuwait, medan dei øvrige landa ba Disney kutte scener, noko dei nekta.

Det er framleis ulovleg å vere skeiv i store delar av Gulf-regionen, og i fleire av landa risikerer ein bøter og fengselsstraff både for å vere i eit likekjønna forhold og for å «imitere det motsette kjønn».

West Side Story er ikkje den første Disney-filmen som har vorte stoppa i sensuren. Tidlegare i år vart Marvel-filmen Eternals, som Disney distribuerer, mellombels forboden i fleire av Gulfstatane fordi han syner superhelten Phastos kysse ektemannen sin Ben.

Også då vart Disney bedne om å kutte scener i filmen, noko dei opphaveleg nekta, før dei gav etter.


Då paraden vart møtt av nazistiske ytringar og steining vart ukrainske Nataliia aktivist: – I det augeblikket forstod eg at det ikkje er rett å stå på sidelinja når folk vil ta landet vårt attende til fortida.

Foto: Privat