Fleire jenter enn gutar vil flytta frå bygda
Forskarar er overraska over at det ikkje er jenter med planar om høgare utdanning, som er ivrigast på å flytte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Skal vi seie det enkelt så verkar det som om gutane trivest godt same kvar dei bur, medan jenter ser ut til å trivst dårlegare til lenger ut på bygda du kjem. Til mindre staden er, til meir aukar talet på dei som opplever mobbing og dårleg sjølvbilete.
Ingunn Marie Eriksen er forskar ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA, som er ein del av storbyuniversitetet Oslomet.
Ho er ansvarleg for ei undersøking der ungdomsskuleelevar blant anna svarar på spørsmål om korleis dei ser føre seg framtida si i bygda.
Undersøkinga, der ho har samarbeidd med Patrick Lie Andersen, baserer seg på forskingsprogrammet Ungdom i endring, som følgjer dei same ungdomane over tid.
Her kjem det fram at nesten halvparten av gutane ynskjer å bu i heimkommunen når dei blir vaksne. Berre tre av ti jenter ynskjer det same.
Les også: Dette meiner Ungdommens distriktspanel kan sikra tilflyttarar til bygda
Gutane trivst
Det overraska forskarane at det faktisk er dei jentene som ikkje har planar om høgare utdanning, som i størst grad ynskjer seg vekk.
Situasjonen er motsett for gutar. Her er det dei med utdanningsplanar som ynskjer å flytte bort.
Dei to forskarane trekkjer fram ting som kroppspress og merkevarepress når det gjeld klede, som negative opplevingar.
Det er særleg jenter frå familiar der foreldra har låg utdanning og svak økonomi som kjem dårleg ut, viser undersøkinga. Likevel verkar det som om dei sosioøkonomiske ressursane i heimen ser ut til å bety mindre på bygda enn i byen.
Det er fleire overraskande funn i undersøkinga. Færre ungdomar i distrikta opplever psykiske plagar enn i meir sentrale strøk. Ved første augekast er dette paradoksalt, sidan psykiske helseplager er nært knytte til erfaring med mobbing og dårleg sjølvbilete, forklarar Eriksen.
Les også: Frankrike vil verne lyden av bygda
Lågt stressnivå
– Det kjem fram at bygda er prega av ro, lågt stressnivå og lite prestasjonspress. Risikoen for psykiske plager aukar til meir skulestress ein opplever, til mindre nøgd ein er med utsjånaden og til meir tid ein brukar på sosiale medium. Men det ser ut til at skulestress betyr mindre på bygda enn i byen, seier Ingunn Marie Eriksen.
Dei som deltok i denne undersøkinga er ungdomsskuleelevar. Dermed gir ikkje studien noko svar på om dei som seier dei vil flytte ut av heimbygda, verkeleg gjer det. Tradisjonelt har ein rekna med at dei unge kvinnene som flyttar, i stor grad gjer dette for å ta ei høgare utdanning. Denne undersøkinga viser at også dei utan slike planar vil flytte.
Ingunn Marie Eriksen kjem til å følgje dei same ungdomane i åra som kjem, for å sjå om dei som seier dei vil flytte, også gjer det.
NOVA-forskaren trur det er viktig at norske distriktskommunar utnyttar fordelane ved det å bu på bygda. Det gjeld kjensla av å høyre til, den sosiale fellesskapen og nærleiken til naturen. Men også at kommunane må ta tak for å opne seg meir opp slik at fleire kjenner seg inkluderte.
Les også: Unge i distriktet: – Vi er like viktige vi som bur utanfor byane
Mykje er likt
Tidlegare, som fase ein av denne undersøkinga, har NOVA-forskar Anders Bakken samanlikna liva til ungdomar frå distrikta med unge menneske frå meir sentrale strøk. Det er sjølvsagt ein del forskjellar, men også overraskande mange likskapar.
– Same kvar ungdom bur viser funna at dei aller fleste lever gode liv og driv med mange av dei same fritidsaktivitetane. Sidan rammene rundt ungdomslivet kan vere ulikt i distriktet og i sentrale strøk, så er det overraskande at det er så mange likskapstrekk, sa Bakken då han presenterte forskingsrapporten i 2020.
Det kjem blant anna fram at mange unge har eit godt sjølvbilete, at dei trivst på skulen og likar foreldra sine. Ungdom ute i distrikta er like opptekne av å trene, spele dataspel og vere på sosiale medium som unge som veks opp andre stader.
Les også: Helene (25) flytta heim – sakna tilbod for unge single