I Frankrike har ein no fått fleirtal for eit lovforslag om å verne lydane og luktene på landsbygda.
Det skriv avisa Nationen, som mellom anna viser til fleire franske fjernsynskanalar, tidsskrift og aviser.
Vegen fram mot lovforslaget byrja i 2018, då ein fransk folkevald frå partiet UDI fekk auga opp for konfliktane mellom byfolk og bønder.
Franske regionale styresmakter skal no setje saman lister over kva distriktstypiske lydar og lukter besøkjande kan måtte forvente å støyte på, dersom dei kjem på besøk til ei bygd.
Franske folkevalde har tru på at den nye lova skal gjere livet lettare for ordførarar som står i klagestormen frå turistar og ferske folk på bygda.
