Helene Nordbø Hansen tok grep for å få noko til å skje i heimbygda. Gjennom kurset Bygdeungdommens stemme arrangerte ho aktevitetsdag for unge på Kvitsøy.

Dagny Backer Johnsen
Publisert
Oppdatert 07.06.2022 09:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som singel ung vaksen opplevde eg at det var lite å gjere for oss på Kvitsøy. Dei fleste er enten tilknytt idrettslaget eller bedehuset, seier Helene Nordbø Hansen.

Ho bestemte seg for at ho ville lage ein ny arena der folk kunne møtast.

Bygdeungdommens stemme

Statistikk viser at det blir færre unge år for år på små plassar i Noreg. Dei store byane veks mest. Unge flyttar også frå småbygder til kommunesenter og frå mindre kommunar til småbyar.

Etter å ha budd i Telemark flytta Helene Nordbø Hansen (25) heim til Kvitsøy, ei lita øy i Rogaland. Ho studerer nyskaping og samfunnsutvikling, og pendlar med ferja til Randaberg kvar dag. Kvitsøy er Noregs minste kommune i areal, og ligg i Boknafjorden.

På øya bur det 523 menneske, der 71 er mellom 18 år og 30.

– Nokre av dei unge som bur her er etablerte, mens andre er einslege sånn som meg. Så målet for meg var å få noko til å skje i lokalsamfunnet vårt for unge vaksne, seier Nordbø Hansen.

Helene fekk vite om kurset Bygdeungdommens stemme gjennom ein e-post frå ordføraren på Kvitsøy. Bygdeungdomslaget såg etter ti unge i distriktet som ønska å vere med på kurset. Helene søkte og fekk plass.

Utsikt over Kvitsøy frå Kvitsøy sjøtrafikksentral. Foto: Haakon Nordvik/Kystverket/CC BY-NC 2.0

Stor avstand mellom unge og politikarar

Henrik Gjertsen (22), nestleiar i Norges Bygdeungdomslag, fortel at ideen kom opp i samtalar om kva dei ønska å utrette.

– Vi snakka om at vi opplevde at det er stor avstand mellom unge og politikarar. Derfor kom vi opp med ideen om eit kurs der unge skulle få opplæring i korleis gjennomføre eit prosjekt heimplassen sin. På denne måten kunne dei påverke lokaldemokratiet.

Åtte deltakarar var med på to samlingar på Landbrukets hus i Oslo, og fekk digital oppfølging mellom samlingane.

Prosjekta til deltakarane spente frå fokus på psykisk helse til forsøpling og næringsdag. No har reisa har også blitt ein miniserie som blei lansert på Kunstnernes Hus 25. juni.

Idrettslaget eller bedehuset

Helene Nordbø Hansen bestemte seg for at ho ville lage ein aktivitetsdag for dei unge på Kvitsøy. Sjølv om alle kjenner alle på Kvitsøy, blir det litt grupperingar. 25-åringen seier at dei fleste er enten tilknytt idrettslaget eller bedehuset. Det ville ho endre på.

– Eg likar meg i eit samfunn som er litt gjennomsiktig. Du er nær naturen og du er fri på ein annan måte enn i byen. Alle kjenner alle, og ein helser på alle ein møter, seier ho og held fram:

– Ulempene med å bu på ein så liten plass er jo det såkalla bygdedyret. Om det går gale sosialt har du ikkje så mange å spele på. Eg ville lage ein brubyggande samlingsplass der folk som ikkje møtast kunne bli kjent.

På aktivitetsdagen hadde dei stands med lokale bedrifter. Bøndene hadde med både traktorar og lam. Tiande klasse på ungdomsskulen hadde kiosk, og dei hadde rebus med både bydespørsmål og fysiske oppgåver for å lage show.

Mellom anna hadde dei konkurranse i styring av ein minigravemaskin der ein skulle plassere ein pinne i eit hol på kortast mogeleg tid. Dei hadde også hamburgarbuffé. På kvelden var det bygdefest med quiz og lokal musikk.

På aktivitetsdagen hadde dei mellom anna tevling i å styre ein minigravar. Foto

Greitt å ha ein plan B

– Det var veldig kjekt, og det trur eg alle som var der synest også. Mange sa at dei gleda seg til neste år, så vi får sjå om det ikkje har blitt ein tradisjon. Eg har framleis ikkje landa heilt.

Helene Nordbø Hansen skulle ha fire hjelparar til å gjennomføre prosjektet, men to trekte seg eit par veker før aktivitetsdagen. Ein hjelpar måtte jobbe, men hjelpte henne med førebuingane.

– Eg lurte på om det måtte avlysast. Men eg måtte jo gjennomføre. Det var jo mitt namn det sto på. Og det gjekk jo fint sjølv om det blei mykje å gjere. Eg har lært enormt mykje. Eg har lært at det er greitt med ein plan B. Og eg har lært mykje om prosessane – kor og korleis ein kan søke middel.

Helene sine 4 tips til unge som sette i gang eit prosjekt i eiga bygd:

1: Vel eit prosjekt og tema som verkeleg engasjerer deg. Det blir mykje arbeid, og av og til kjem du til å lure på om det eigentleg er verdt det. Det er det!

2: Ikkje gi opp av «set-backs» eller fordi ting tar tid. Utvikling og lokal påverknad er ikkje ein linær prosess.

3: Ha ein sparrepartnar eller fleire som du kan drøfte idear og problemstillingar med. Det er gull verd når ideane er store eller motivasjonen er på botn.

4: Hugs å kose deg på vegen, og feir store og små seirar.


Tyri Tvinnereim, Sigrid Hoddevik Losnegård, Johanna Haukanes Leivestad og Laura Vaagland brukar russetida si på å demonstrere mot gruvedumping. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0