Aldri før har unge bekymra seg meir over norsk økonomi
Auka prisar og krig er det som bekymrar mest, viser ei NHO-undersøking.
– Bekymringa har auka dei siste åra. Særleg bekymringa for eigen økonomi og for krig og uro, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid.
Dei siste tre åra har økonomi, krig og klima toppa bekymringslista til unge, og slik er det også i år. Men no skaper økonomien meir bekymring enn nokon gong.
Sju av ti unge oppgir at dei uroar seg for auka rente- og levekostnader, og fire av ti oppgir bekymring for norsk økonomi, dobbelt så mange som for fire år sidan.
Det viser ei undersøking av unge i alderen 15–29 år som Opinion har gjort på vegner av NHO.
Psykisk helse
Men ikkje alt i undersøkinga er mørkt, ifølgje NHO-sjefen. Fleire unge enn før er EU-positive, og mange har tru på internasjonalt samarbeid, noko Almlid ser lyst på.
– For når det blir meir uro, geopolitisk splitting og krig, så er det veldig viktig å støtte og tru på internasjonalt samarbeid, seier han.
Mange fleire enn før er også opptekne av at arbeidsgivarane skal ta vare på den psykiske helsa til dei tilsette.
– Det er eit varsku til arbeidslivet, seier Almlid, som peikar på at arbeidsgivarane har eit særleg ansvar for at tilsette har det bra på jobb.
Kvinner bekymrar seg mest
Det er fleire kvinner enn menn som bekymrar seg på alle punkta i lista frå NHO-undersøkinga, utanom eitt.
Over dobbelt så mange kvinner som menn uroar seg for rasisme, medan nesten dobbelt så mange kvinner som menn er bekymra for eige stressnivå, noko som gjeld cirka seks av ti kvinner.
Klart flest kvinner, nesten åtte av ti, uroar seg for krig og uro i verda, medan under fem av ti menn oppgir det same.
Berre ytringsfridom, høvet til å seie kva ein vil, bekymrar fleire menn enn kvinner.
Klimabekymringa dabbar av
Sjølv om verda allereie i år vil overskride 1,5-gradersgrensa og tallause varmerekordar blir slått i Europa, er stadig færre unge bekymra for klimaet.
For fire år sidan var 65 prosent av dei unge bekymra for klimaendringane, ifølgje NHO-tala. I dag gjeld det framleis fleirtalet, men berre 54 prosent.
– Andre bekymringar har auka meir enn klima, men bekymringa for klimaendringar har stabilt vore veldig høg, og det må politikarane sjå, seier NHO-sjefen.
Undersøkinga hadde 1334 respondentar med eit landsrepresentativt utval av personar i aldersgruppa 15–29 år.