«At menn styrer verda er eit faktum»

Mia Simay Grøteig Oguz
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette bidraget fekk heider frå juryen i Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse om håp for framtida.

Me kvinner har vore undertrykte og følt oss mindreverdige i samfunnet lenge, og den kjensla har ikkje nødvendigvis forsvunne. I 1882 fekk kvinner lov av menn til å kvalifisera seg for universitetsstudia og me fekk tillating av menn til å røyste i 1913. Takk, menn. «Takk» for at dokker gav oss retten til å styre våre eigne liv, som om det ikkje skulle vore slik heilt frå starten? Ikkje mistolk og tru at eg skuldar på alle menn no i ei moderne tid, men eg vil heller ikkje takke dokker.

Det er vel eit privilegium?

Me er 7,7 milliardar menneske på jorda. Av desse er 3,86 milliardar menneske kvinner. Av desse kvinnene er det er det ca. 1.291.000 kvinner som jobbar og ca. 1.464.000 menn som jobbar i Noreg, ifølgje SSB. Det er eit klart mindretal av kvinner som jobbar i Noreg og i verda generelt. Men kvinner har eit privilegium i å ha moglegheita til å jobba i forhold til slik det var på 1800-talet. For det er vel eit privilegium?

At menn styrer verda er eit faktum. Men kvifor er det slik? I dag kan både kvinner og menn ha ei lik stilling i arbeidslivet der kvinner framleis tener mindre, og det gjer meg utruleg opprørt. Det at mitt og ditt kjønn skal bestemme kor mykje me tener er heilt absurd. Difor spør eg meg dette: Kvifor skal kvinner betala like mykje som menn for å få den same utdanninga med tanke på lønsskilnader? Kvifor skal kvinner bruke like mykje tid som menn på utdanning, når det då ikkje tek oss like langt som dokker? Kvinner kan gjere det like bra på skulen og i jobb som ein mann, om ikkje betre.

At menn styrer verda er eit faktum.

2021, og framleis er det slik at menn tener meir enn kvinner. Me kvinner har slåst ein kamp som fekk oss vidare, men likevel er det skilnadar i arbeidslivet. Skilnadar som me kan endre, men mange menn gidd ikkje. Er dokker menn viljuge til å kjempe for oss? Eller gir kjenslene av meir pengar dokker makt? Makt over meg? Makt over dotter dykkar? Og makt over mor dykkar? Det er viktig å hugse på at du som mann, har (hatt) ei mamma. Mor di er kvinne, og du er der du er i dag på grunn av ho. Kor takksam er du for ho? Det hadde eg likt å vita.

Hadde fått viljen dykkar

Om det hadde vore det motsette, at kvinner hadde tent meir enn menn, hadde dokker stått i tog for dykkar eigen del. Dokker hadde fått viljen dykkar. Det er ikkje nødvendigvis at dokker har gjort noko gale i dagens samfunn, men dokker er med på å normalisere forskjellsbehandling.

Eg er 15 år, vart fødd jente og identifiserer meg som jente. No er eg nær arbeidslivet og i ein alder der eg må klara meg sjølv og handtera visse ting sjølv. Visse ting må eg seia ifrå om, sjølv utan hjelp frå foreldra mine, innverknaden eg fekk.

Eg er så glad for at eg hadde ein sterk påverknad av kvinner i min eigen familie, som ber meg om å ytra mine eigne tankar og meiningar. Sjølv om eg seier mi meining og ikkje er redd for litt tilbakesnakk, så blir eg så utruleg provosert når til og med jenter tergar meg for at eg sit i klasserommet og snakkar for deira og mine eigne rettar. Men ikkje alle har hatt like stor innverknad som det eg hadde og har.

Feminist

Eg er feminist og det er det mange som reager på, men kvifor er det slik? Mange veit ikkje kva det vil si å vera feminist, så då er det kanskje lurt å starta der. Set inn likestilling i religionslære på skulen.

Døme: Ofte ser eg jenter som er dekt med klede til på grunn av religion. I nokon religionar er kvinna ofte heime med barn og matlaging. Kvinner er undertrykt i verda. Meir i andre land enn Noreg, og det finn eg skremmande. Likestilling er minst like viktig som læra om religion.

Me må starte ein stad seier vi, men me har starta for omkring 200 år sidan. Kor langt skal det gå til det har gått for langt?

Så kjære regjering, Noreg, stå opp mot eit synspunkt med ei slik generalisering, innfør reglar, hev stemma. Eg som ei 15 år gammal jente er uroa for mi eiga framtid om me held fram slik me gjer i dag. Eg har knapt høyrt eit ord frå dokker om dette temaet nokon gong. Hev stemma.


Magnus Rotevatn (17) lurer på kvifor ikkje fleire menn er feministar, som han sjølv. Foto: Privat