Politiet er på Reddit: – Me ynskjer at Reddit skal vera ein trygg sosial arena

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politiet: – Me ynskjer at Reddit skal vera ein trygg sosial arena

Torsdag førre veke dukka politiet opp på Reddit i tråden r/norge. Under brukarnamnet PolitiKripos1 og PolitiKripos2, skal dei vera meir tilgjengelege også på Reddit.

Skjermdump frå r/Norge

Internett-politi sidan 2015

Tanken er at politiet skal vera der folk er, også på internett. I 2015 var politiet for første gong på Facebook. Sidan då har dei kome på både Instagram, TikTok, Discord, Fortnite, Minecraft, Leage of Legends, Twitch og no også Reddit.

– Ja, me dansar på TikTok, men først og fremst er me der for å vera nær befolkninga. For å svara på spørsmål, vera tilgjengelege og for å gje råd, skriv Kjersti Rønholt, leiar av Seksjon for nærvær på internett, NC3, Kripos, på Facebook.

Kven er dei?

Dei som driv politi-brukarane på Reddit kjem frå Kripos og jobbar på nasjonalt cyberkrimsenter: NC3. Dette er det nasjonale senteret for førebygging, avdekking, og kjemping av trugslar og kriminalitet som skjer digitalt.

Kvifor er dei på Reddit?

Ifølgje ein forklaringstråd på Reddit skriv politiet at eit av måla med arbeidet deira er å førebyggja kriminalitet, ved å vera synlege på nett og ved å gje råd og svara på spørsmål frå folk.

– Me ynskjer å ha ein nærleik til befolkninga og vera tilgjengelege slik at me kan nå medborgarar som me ikkje nødvendigvis treffer andre stader, skriv dei mellom anna.

Ein kan ikkje kontakta dei på DM, men om dei er pålogga kan ein kontakta dei på Discord. Dei svarar i tillegg på ei rekke kommentarar i kommentarfeltet.

Må du passe på kva du skriv?

Politiet skriv på Reddit at dei ikkje har laga brukar på Reddit for å aktivt leita etter lovbrot, men at dei likevel ikkje kan oversjå grove lovbrot.

– Me ynskjer at Reddit skal vera ein trygg sosial arena, men det skjer også kriminalitet her. Me har fleire døme på at det blir publisert og delt ulovleg innhald, til dømes overgrepsmateriale, skriv dei.

Fokuset deira er å avverge og førebygga kriminalitet, og ikkje å endra måten ein snakkar på Reddit, skriv dei. Dei legg vekt på at dei støttar eit stort ytringsrom, og håpar ikkje folk føler dei må flytte seg til andre stader fordi dei er til stades på Reddit.

– Me får mange spørsmål om me skal sjå etter om folk som «røyker ein tjall», eller om dei har meiningar som utfordrar, og det skal me ikkje, seier Rønholt til TV 2.

– Venneforespørsel frå svigermor

På r/Norge-tråden har dei fått varierande tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Nokre synest det er som å få veneforespurnar frå svigermor på Facebook, nokre prøver å utfordra kor dryge ting dei kan seia, det er spørsmål om narkotikapolitikk, nokre er oppgjevne og føler dei ikkje lenger kan snakka fritt, andre synest det er positivt og nokre kjem med tips til korleis dei kan posta gode memes, mellom anna.

Skjermdump frå kommentarfeltet på r/Norge

Skjermdump frå kommentarfeltet på r/Norge

Kva synest du om at politiet er på Reddit?

Kva synest du om at politiet er på Reddit?

Bra!11
Ikkje bra15
Usikker8
Svar totalt: 34

Nadia Kråkenes arbeider i dag som etterforskar i Politiet. Foto: Privat