Unge veit ikkje kva dei skal gjere viss venner blir radikaliserte

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ein ny studie frå Senter for ekstremismeforsking ved Universitetet i Oslo.

Av dei spurde ungdommane svarer 48,9 prosent at dei ikkje veit kvar dei skal gå om dei er bekymra for at nokon har vorte radikaliserte, medan 37 prosent svarer at dei er usikre.

Det er berre 14,1 prosent som oppgir at dei veit kven dei kan ta kontakt med i desse tilfella.

Det indikerer eit behov for å tydelegare kommunisere til befolkninga kva instansar som kan bidra om ein slik situasjon oppstår, fastslår forskarane.

Trekkjer seg unna

Dei fleste ungdommane svarer likevel at dei vil hjelpe dersom dei trur ein venn er i ferd med å bli radikalisert. Dei fleste seier dei ville leitt etter informasjon på nettet eller bede om råd frå familie og venner.

22,4 prosent svarer at dei også ville vendt seg til politiet, medan 9,1 prosent seier dei ville teke kontakt med skulen.

Samtidig seier også mange at dei ville halde avstand til personen dei er bekymra for.

– I eit samfunnsperspektiv er det uheldig. Då kan vi ikkje vere med på å korrigere kursen, for det er dei nære som har mest påverknad, seier Håvard Haugstvedt, ein av forskarane bak studien, til NRK.

Illustrasjonsfoto: Wilma Nora Dorthellinger Nygaard / NTB/ NPK

Gutar mest utsett

I studien kjem det fram at dei som hadde hatt undervisning om kritisk tenking og demokratiske verdiar på skulen, i mindre grad var villige til å forsvare bruk av vald.

Av dei spurde seier berre 3,7 prosent at dei i «stor grad» er villig til å forsvare bruk av vald, medan 1,8 prosent svarte i «veldig stor grad».

Av desse er det ein overrepresentasjon av gutar, personar med foreldre fødd utanfor Noreg, muslimar og personar med lågare tillit til andre.

Flest bekymra for høgreekstremisme

Dei norske ungdommane er meir bekymra for høgreekstremisme enn islamistisk ekstremisme og venstreekstremisme, viser studien.

– Det kan vere med på å forklare at Noreg har hatt to alvorlege terrorangrep motivert av den typen ideologi dei siste ti åra, seier Haugstvedt til rikskanalen.

Det har vore to terrorangrep av personar med høgreekstrem ideologi i Noreg dei siste elleve åra. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB/ NPK

Både terrorangrepa på Utøya og i Oslo 22. juli 2011 og angrepet mot Al-Noor-moskeen i Bærum i 2019 vart gjort av personar med høgreekstremistisk ideologi.

Studien er basert på ei anonym spørjeundersøking av 2.588 personar i vidaregåande skular og oppfølgingstenester i Noreg. Av dei spurde er dei fleste mellom 16 og 19 år gamle.


Her finn du regjeringa si oversikt over kven du kan kontakte med spørsmål om radikalisering og valdeleg ekstremisme:

Politiet

Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS)

Ved behov for å diskutere bekymring om radikalisering, eller ved behov for rettleiiing, kan du kontakte det regionale RVTS-kontoret ditt.



Les også meiningsinnlegget om tida etter masseskytinga utanfor London pub i Oslo: «Eg følte meg ikkje trygg før London, og eg gjer det ikkje no»

Cecil Etta (26) skriv om korleis tida etter masseskytinga utanfor London pub har vore. Foto: Privat