Rekordmange studentar har fått bustad hos samskipnadene

Nær 21.000 studentar har i år fått tilbod om studentbustad hos samskipnadene, men framleis står over 4.500 på venteliste.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste rapporteringa frå studentsamskipnadene i landet viser at 20.990 har fått tilbod om studentbustad. 4.587 framleis står på venteliste, opplyser Samskipnadsrådet og Norsk studentorganisasjon til NTB.

Aldri før har så mange studentar fått bustad hos samskipnadene. I fjor fekk 16.042 studentar bustad.

Mange i kø

Samtidig som det er tildelt rekordmange bustader, står framleis 4.587 studentar i studentbustadkø. Norsk studentorganisasjon er bekymra.

– Vi er fortvila over at så mange studentar – to veker etter semesterstart – må bruke tid på å finne ein stad å bu framfor å kunne delta fullt ut i undervisning og i det sosiale fellesskapet med medstudentane sine, seier NSO-leiar Maika Marie Godal Dam.

Om nokon kjøper opp heile nabolag som investeringsprosjekt – kor mykje har eiga BSU-sparing å seie? Professor meiner det er på høg tid politikarar tek tak i makta finanssektoren har over bustadmarknaden. Kollasj: framtida.no. Foto: Christoffer Engström/ Unsplash – Høgskolen Kristiania