– Vi er fortvila over at studentar no må bruke tid på å gå på visning framfor å bli kjend med medstudentane sine og skaffe seg eit sosialt miljø, seier leiar av NSO, Maika Marie Godal Dam, i ei pressemelding.
Nye tal frå studentsamskipnadene viser at køtala ikkje har betra seg sidan før pandemien, seier ho.
– Vi har no ei tydeleg forventning om at regjering, kommune og samskipnad tek eit felles ansvar for å sørgje at studentar har eit trygt, rimeleg og god stad å bu, avsluttar Dam.
