Dette er dei vanlegaste nynorske skrivefeila

Korrekturtenesta Tansa har samla dei tjue vanlegaste skrivefeila på nynorsk. Seksjonssjef i Språkrådet er ikkje overraska.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Daniel Ims, seksjonssjef
i Språkrådet. Foto: Moment Studio/Presse

– Eg kan ikkje seia at eg er overraska. Det ein ofte ser på nynorsk, er at bokmålsord også blir brukt på nynorsk. Generelt for mindretalsspråkbrukarar, er rettsskriving vanskelegare enn for fleirtalsspråkbrukarar, seier seksjonssjef i Språkrådet, Daniel Ims, på telefon til Framtida.no.

Korrekturverktøyet Tansa, som leverer tenester til mange norske mediehus, har etter spørsmål frå Framtida.no henta ut statistikk på kva som er dei vanlegaste skrivefeila på nynorsk.

Lista viser at det er vanleg at bokmålsord finn vegen inn i nynorsktekstar.

Kordan meinar du?

Seksjonssjefen i Språkrådet viser til statistikkane dei sjølv kjenner frå Nynorskordboka, som viser at det ofte er heilt vanlege ord folk søkjer opp. Verbet å sjå er døme på eit ord som vert søkt mykje på.

Eit ikkje-eksisterande ord som mange søkjer opp er ulike former av kordan. Mange feil går igjen både på nynorsk og bokmål, som orddelingsfeil.

Ims viser til særleg den vanlege nynorskfeilen å bøye verbet å meine til meinar i presens, som truleg er ein feil som stammar frå dialekt.

– Ein kunne trudd det er ei form for hypernynorsk, men det er fleire dialektar som har meinar som presensform, så det er ikkje overraskande at det dukkar opp i Tansa.

Språk engasjerer

Språkvitaren irriterer seg ikkje over skrivefeil. Han meiner at feila som vert avdekt av Tansa er eit døme på god språkrøkt, noko han gjerne skulle sett enno meir av.

– Det er klare døme på visse redaksjonar som opnar for innlegg på nynorsk, men ikkje bryr seg med ein enkel korrektursjekk, medan dei redigerer bokmål veldig strengt. Dette meiner eg er eit problem for nynorsken.

Hans enkle råd for betre nynorsk er ganske enkelt å slå opp i ordboka, og å læra seg den grunnleggjande verbbøyinga.

Sterk Oslo vest-dominans

– Er det slik at nynorskbrukarar irriterer seg meir over skrivefeil enn bokmålsbrukarar? 

– Det trur eg faktisk ikkje er rett. Då må ein hugse på at det finst ein ganske sterk Oslo vest-dominans som gjeld bokmål, med nokre som reagerer veldig sterkt på former ein ikkje likar.

Ims trur at ein som journalist vil oppleva at det er eit veldig engasjement for enkelte detaljar.

– Folk reagerer ofte på at det er feil, og eg kan seia at av og til tek dei som reagerer, også sjølv feil. Grunnleggjande vil eg seia at det er godt at ein engasjerer seg for språk. Nokre sider vil eg likevel seia er negativt, som når ein meiner at formene ein sjølv føretrekker er dei beste, avsluttar Ims.

Jane-Victorius Bonsaksen (Foto: Ingvild Eide Leirfall), Markus Farstad Andersen, Kajsa Elvestad Andersen, Stian Antonsen, Ine Harsten, Marianne Støle-Nilsen, Maja Brannstorph (foto: @firecroft) og Finn Schjøll (foto: Eivind Senneset/TV2).