Salamatu Kamara (25) blir programleiar i Supernytt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Salamatu Kamara (25) har allereie formidlarerfaring, og no har ho landa programleiarjobb i NRK Supernytt.

Ho går inn i programleiar-teamet saman med Selma Ibrahim og Bjørn Alexander Olsen, kjem det fram av ei pressemelding.

Skoten i ryggen som toåring

– Eg elskar å formidle, og eg har stor interesse for ting som skjer i verda, samtidig som eg er kreativ, seier Kamara – som av dei fleste berre blir kalla Sally.

Programleiar-trioen i Supernytt er no Bjørn Alexander Olsen, Salamatu Kamara og Selma Ibrahim. Foto: Geir Evensen, NRK

Sally vart fødd under borgarkrigen i Sierra Leone. Som toåring på på ryggen til mora rømte dei frå skotsalver, men tre kuler trefte ryggen til Sally. Det var usikkert om ho ville overleve, men det gjorde ho med varige lammingar. Ho kom til Rakkestad som treåring, ifølgje NRK.

– Eg har aldri sett ein som ser ut som meg på TV før, og eg synest det er viktig at barn får moglegheita til å kjenne igjen seg sjølve når dei ser på TV. Barn er morgondags leiarar, derfor er det viktig å styrkje dei intellektuelt og emosjonelt. Det å få moglegheita til å vere ein del av Supernytt som gjer akkurat dette, er veldig gøy, seier programleiaren, som har vore aktiv i Noregs Handikapforbund og ungdomsorganisasjonen NHFU.

Forbundsleiar i Handikapforbundet, Tove Linnea Brandvik. Foto: Handikapforbundet

– Vi kjenner Sally som ein dyktig formidlar, som vi gler oss til å sjå på ein av Noregs viktigaste flater. Så er vi òg glade for at NRK viser at dei ser verdien å rekruttere frå heile breidda av befolkninga, seier Tove Linnea Brandvik, forbundsleiar i Noregs Handikapforbund.

Supernytt er eit nyheitsprogram som rettar seg spesielt mot barn og unge i alderen 8–12 år.

Programmet blir sett av cirka 150 000 barn på norske skular kvar dag. I tillegg har Supernytt ein eigen app som heiter Svar-o-meter, og nærare 170 000 følgjarar på Tiktok, der det òg blir laga nyheiter.


I dag hoppar programleiar Margrethe Røed i nye utfordringar som deltakar i Kompani Lauritzen, men som 20-åring var det på teaterscena ho likte seg best. Foto: Matti Bernitz / TV 2, privat