– Det er ikkje eit spesielt behov å ville vere ein del av klassen

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Organisasjonen Unge funksjonshemmede (UF) har sett i gang ein kampanje for å fjerne fordommar mot funksjonshemma i skulen.

Med emneknaggen #fordomsfriskole ønsker ein å sørge for at alle elevar vert sett, inkluderte og stilt forventingar til.

UF har laga ein film med TikTok-kjendis Morten Marius Skau, også kjent som @Mort1rulle. Han er lærar og sit sjølv i rullestol.

I videoen samanliknar han funksjonshemma og ikkje-funksjonshemma med epler og pærer.

– Nokre gonger behandlar vi dei unødvendig ulikt. Medan eple følest som eit naturleg val til kaker, dessertar og syltetøy, vert pæra ofte litt sett til sida, fordi vi ikkje heilt veit korleis vi skal bruke den. Vi synest det held at pæra er god for seg sjølv, og fin på fruktfatet, men vi tør liksom ikkje å ta den skikkeleg i bruk, seier han.

– Viktig å bli stilt krav til

Skau skriv i ein epost til Framtida at han synest det er ein fin kampanje for å gjere folk meir bevisste.

– Eg sit sjølv i rullestol, har gått på skule og jobbar no som lærar. Eg veit difor at utdanning er viktig for alle, men kanskje endå meir for personar med ei funksjonsnedsetting. Det å få seg ei utdanning og komme ut i jobb, har vore noko av det beste som har skjedd meg. Skal personar med funksjonsnedsettingar fullføre skulegangen, er det viktig at dei både trivst og vert stilt krav til!

– Ikkje svake og hjelpelause

Skau håpar at folk vert meir medvitne om fordommar og utdaterte haldningar som funksjonshemma møter på.

– Dette er eit problem vi må gjere noko med. Problematikk knytt til fordommar og diskriminering av funksjonshemma går ofte under radaren, og det er mange som ikkje kjenner att eller anerkjenner at det skjer.

– Funksjonshemma vert ofte gløymde, skriv han.

Han håpar også at folk får augene opp for at funksjonshemma er folk som alle andre. Ikkje svake og hjelpelause, men ein ressurs som kan bidra.

– Det er ikkje eit spesielt behov å ville vere ein del av klassen og kjenne seg inkludert på skulen. Eg håpar at fleire kan bli medvitne om kor viktig det er å inkludere alle, og at ein jobbar for å få ein fordomsfri skule der alle får rettane sine oppfylte, skriv han. 

– Mykje er mogleg

Maren Hagen Fuglesang. Rågjevar i Unge Funksjonshemmede. Foto: Presse

Unge Funksjonshemmede skriv i ei pressemelding at lærarar og tilsette ofte stiller lågare forventingar til unge med funksjonsnedsettingar eller kronisk sjukdom. Det er gjerne knytt til utdaterte haldningar som ikkje stemmer.

Mange antar at det vil vere vanskeleg for elevar med funksjonsnedsettingar å vere med på tur eller andre aktivitetar. Men mykje er mogleg så lenge ein legg til rette, slår UF fast.

– Vi må få slutt på utdaterte haldningar som resulterer i ekskludering av funksjonshemma elevar. På sikt kan det få alvorlege konsekvensar for elever si utdanning og jobbmoglegeiter. Vi håpar filmen vil opne augo for mange som ikkje trur dei har fordommar, seier rådgiver Maren Hagen Fuglesang på epost til Framtida.no.


Les også: «Sjukt heldige funksjonshemma nordmenn»

Ida Hauge Dignes, sentralstyremedlem i Norges Handikapforbunds Ungdom. Foto: Privat