«Vi ynskjer å leve verdige liv – ikkje berre eksistere»

Henriette Nielsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag er det FN-dagen for funksjonshemma.

Eg skal bruke dagen til å feire dei kampane som er vunne og dei forkjemparane som utrøytteleg har drive vår kamp vidare.

Eg skal feire funksjonshemmakonvensjonen (CRPD) som vernar meg og gir meg rettar. Denne konvensjonen gir meg ikkje nye rettar, men gjer tydeleg korleis menneskerettane også gjeld funksjonshemma. 

Mange spør seg nok: treng funksjonshemma verkeleg vern og at rettane vert gjort tydelege?

Mitt svar er eit rungande JA!

Eg skal ta deg med på ei diskrimineringsreise gjennom dette innlegget, så kan du sjølv vurdere om du er einig?

1 av 3 har opplevd hatprat

Mongo, krøpling, invalid, åndssvak, samfunnsøkonomisk uønska, spesielle behov, avvik, så flink du er, spesielle behov, lesbisk krøplinghore, døvt, blindt, idiot og lista er endelaus.

1 av 3 funksjonshemma har opplevd hatprat i Norge. Eg er sjølv ikkje noko unntak og som skeiv, funksjonshemma kvinne opplever eg samansett diskriminering.

Hatprat har gjort at eg er uroa for å ytre meg i den offentlege debatten. Kjem e-posten min no til å flaume over av negativitet?

Skal eg ut av mi eiga dør er det ikkje sikkert eg kjem fram der eg skal

Samfunnet legg strukturelle barrierar i vegen for mi moglegheit til å delta i samfunnet. Skal eg ut av mi eiga dør er det ikkje sikkert eg kjem fram der eg skal.

Her i Oslo er ikkje alle trikkar tilgjengelege med rullestol, t-banen har store mellomrom mellom plattform og vogn, bussjåførar nektar å ta ut rampa og vi får innvilga for få turar med taxi for å kunne leve liva våre. 

64 % fullfører ikkje vidaregåande

Eg er ein av dei heldige. Eg har fullført grunnskulen, vidaregåande og høgare utdanning. Dette er ikkje ei sjølvfølge når du har ei funksjonsnedsetjing. Funksjonshemma barn opplever aukande segregering gjennom utdanningsløpet.

Det startar allereie i barnehagen med eigne grupper for «sånne som dei». Når du skal byrje på skulen er det ikkje sikkert du kan gå på nærskulen. Norges Handikapforbund kartla alle landets grunnskular for nokre år sidan – 8 av 10 skular var ikkje universelt utforma.

Dette inneber at barn må sendast til andre skular, langt unna vener og nærmiljøet. Desse diskriminerande barrierane fører til at 64 % av funksjonshemma ungdomar ikkje får fullført vidaregåande.

Dette blir ikkje ein gong teke opp av politikarane. 

Vi ynskjer å leve verdige liv – ikkje berre eksistere

Vi ynskjer å leve verdige liv – ikkje berre eksistere.

Dette er vanskeleg fordi vi ikkje får nok brukarstyrt personleg assistanse (BPA) gjennom kommunane. Dette fører til at vi blir sitjande heime og ikkje deltek aktivt som samfunnsborgarar. Eg har vore heldig og fekk assistanse til å vere student, dette er ikkje ei sjølvfølge. Det er store ulikskapar mellom kommunane når det kjem til BPA.  

I dag står over 104 000 funksjonshemma utanfor arbeidslivet og ynsjker ein jobb. Vi ynskjer å ha noko å gå til i kvardagen, å bidra til samfunnsøkonomien og vere fullverdige borgarar. Det å stå utanfor arbeidslivet skapar utfordringar med økonomi og ein blir avhengig av offentleg velferd. 

Eg har no gjeve eit lite innblikk i livet som funksjonshemma i Noreg. Tenker du framleis at vi ikkje er diskriminert? At vi ikkje treng vår eigen menneskerettskonvensjon? 

Mitt ønske til jul er at funksjonshemmakonvensjonen blir skriven inn i den norske menneskerettslova, på link linje med kvinne- og barnekonvensjonen. 


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no

NHFU Trøndelag-leiar Martine Eliasson meiner det er på høg tid samfunnet kastar dei diskriminerande haldningane sine, og anerkjenner likestillingskampen til funksjonshemma. Foto: Privat