Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 09:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dagen derpå. Du vaknar med gjenklistra auge, tørr munn, skallebank og er uhorveleg sliten – trass i at du har sove til midt på dag.

Kor gjekk du feil?

Var det då du heiv nedpå den siste shoten? Då du hoppa over nattmaten eller då du gløymde å drikke litervis med vatn før hovudet trefte puta? Eller er det berre fordi du har vorte eldre? 

Omsider kan du få litt fleire svar.

For førsteamanuensis hjå Universitetet i Oslo, Alexander Harald Sandtorv, har lese hundrevis av forskingsartiklar om alkohol og bakrus, slik at du slepp.

Resultatet har han samla mellom permane i Fylla har skylda – med vitenskapen inn i bakrusen

Eg kjem aldri til å vere bakfull på same måte igjen, konstaterer Sandtorv.

Mytar han har trudd på er knuste og bakruskurar granska.

Tusenvis av år med dagen derpå og kvelden før

Omslag: Humanist forlag

Dei siste tre åra har Sandtorv fordjupa seg i alkoholforsking og prøvd å finne svar på dei evige spørsmåla: Vert ein meir bakfull av prosecco på grunn av boblene? Vert bakrusen verre di eldre du vert? Og vert kvinner meir bakfulle enn menn?

– Sjølv om vi har vore bakfulle sidan Mesopotamia, så er det først no vi byrjar å forstå kor djupt komplekst det er, fortel Sandtorv, når Framtida.no møter han på kafé i Oslo.

Endå vi menneske har drukke alkohol i tusenvis av år, og har vorte bakfulle like lenge, så er det framleis mange spørsmål som står utan svar.

Opp igjennom åra har det vore populært å forske på alkohol og korleis etanol påverkar kroppen, fortel Sandtorv. Det er nemleg ikkje til å stikke under stol at alkohol er farleg – difor vert det også hyppig studert.

Alkoholisme, leverkreft, triste enkeltskjebnar og øydelagde familiar, dei negative konsekvensane er mange. I tillegg er prislappen gigantisk:

Bakfulle nordmenn kostar samfunnet kring 22 milliardar i året, for det kostar kjempemykje at vi ikkje går på jobb.

Likevel har ikkje bakrusen vorte via mange forskingskaloriar, noko Sandtorv trur er av moralistiske årsaker.

Men der vitskapen ikkje har vore på bana, har det dukka opp nokre mytar, som gjev seg ut for å vere sanne hugsereglar. Desse har Sandtorv gått i saumane.

Øl og vin gjer ikkje fin, og du er ikkje dehydrert

Du har kanskje høyrt at «øl og vin gjer fin, medan vin og øl vert krøll»? Hugseregelen finst også i liknande variantar på tysk, engelsk og fransk, og er så innarbeidd i Noreg at Faktisk.no til og med har faktasjekka han.

– Den trur eg vi har hatt som ein del av daglegspråket vårt veldig lenge, og det var så deilig å finne ut at det var tull, fortel Sandtorv.

Kor vidt du vert fyllesjuk har ikkje noko å gjere med om du drikk øl eller vin først, det heng rett og slett saman med kor mykje du drikk.

Myten var ein av dei Sandtorv sjølv trudde på, og som han fekk motbevist. Det var likevel ikkje øl og vin-myten som var det største sjokket:

– Ein myte eg var bombesikker på var sann, var den om dehydrering. Det er noko eg har høyrt heile livet. «Drikk vatn, for du vert dehydrert».

Trass i at Sandtorv var skråsikker, så viste forskinga at det er ikkje er noko kopling som tilseier at du vert dehydrert av å drikke akolhol. Alkohol er vassdrivande, men det betyr ikkje at du vert tørka ut frå innsida av.

– Når du startar å drikke, så opplever du at du tissar heile tida. Når du vaknar dagen derpå er du tørr i munnen og tørst. Det er på ein måte logisk å tru at du vert dehydrert, men du drikk ganske mykje væske òg.

Trass i at det finst kommersielle aktørar som vil selje deg bakrus-kurar som gjer deg hydrert igjen, så har det altså ingenting føre seg.

– Men eg trur det er litt deilig òg å tenkje at vatn hjelper oss. «Mmm, sunt, åh,» spekulerer Sandtorv og tek demonstrativt ein slurk frå vassflaska si.

– Eg trur mange av desse mytane kjem frå at vi har lyst til å tru at dei er sanne. Og så veit vi empiri frå liva våre, «eg føler dette er sant, fordi det har skjedd med meg».

Typisk norsk

Den vanlegaste feilen folk gjer, er nemleg ikkje å drikke for lite vatn. Det er å drikke for mykje alkohol, for fort.

– Om du er ein typisk norsk modell, så drikk du greitt langsamt på vorspielet. Ei eining i timen eller noko slikt. Så går du ut og det er der det ofte skjer seg, fortel Sandtorv.

Du byrjar å drikke raskare på byen, mister litt teljinga på drinkane og tek kanskje ein shot. Du snøvlar når du tek avskjed, og sjanglar på veg heim før du stuper i seng med stigande promille eller rett etter promilletoppen.

Det er det som er så fantastisk og så fælt med etanol, for det skrur berre av hjernen

– Du har mykje alkohol i kroppen, og så snork – ut som eit lys. Då må du jobbe gjennom all alkoholen medan du søv. Søvnen din vert øydelagd, og du vaknar deretter.

– Eg har hatt heile dagar kor eg berre tenkjer «no døyr eg», fortel Sandtorv sjølv.

Kroppen brukar tid på å nullstille seg igjen, etter at du utset han for alkohol, og det påverkar søvnen og døgnrytmen di. Kanskje søv du til langt på dag, og slit med å sovne natta etter. Det kan gjere at bakrusen varar ved, gjerne i fleire dagar.

– Det aller luraste er å ha langsam promilleauke, og ha toppen din så langt unna du skal sove som mogeleg, og ha mat i magen.

For er det eín ting vitskapen kan slå fast, så er det: ikkje dropp nattmaten.

Mat i magen både før du startar å drikke og før du legg deg, er viktig for å hjelpe kroppen handtere alkoholen.

«Gelé-shots er døden»

I innspurten på bokprosjektet fann forfattaren ut at han ville sjå kor god han var til å etterleve den nyfunne kunnskapen, etter å ha brukt tre år på å lese forskingsartiklar opp og ned i mente.

– Det som skjer er at eg veit i hovudet mitt dei tinga eg bør gjere, og som forskinga seier er viktige, men så kjem eg til eining fem og – ut vindauget. Det er jo slik alkohol er, seier Sandtorv og held fram:

– Det er det som er så fantastisk og så fælt med etanol, for det skrur berre av hjernen.

Etter han tok til på 30-åra har Alexander Sandtorv fått bakrus dag 2, men vitskapen kan ikkje stadfeste at dagen derpå vert tyngre når du har fleire år på baken. Foto: Bente Kjøllesdal

Etter ein kveld med geleshots og dansing vakna Sandtorv til ein av dei verste bakrusane i manns minne, ifølgje han sjølv.

«Resultater: Mine observasjoner fra denne kvelden samsvarer med forskningen. Det å drikke fort og mye gjør deg betydelig mer bakfull. Blackouts skjer ved høy promille.
Alkohol gjør at du ikke akkurat treffer gode og gjennomtenkte avgjørelser. Gelé-shots er døden. Ikke stå over nattmat. Ikke film deg selv veldig full og se på det dagen derpå,» skriv han i boka.

Korleis bakrusen utartar seg, varierer frå person til person, men for Sandtorv sin eigen del vert det gjerne ei lita dose eksistensiell angst og tårene sit laust.

 Eg grin av alt. Eg grin av The Kardashian, liksom. Og no avslørte eg at eg ser på The Kardashians, seier Sandtorv og forsvarar seg med at det er lett underhaldning.  

– Det var ei episode der ein hund døydde, og då vart eg sånn kjempegrinete. Eg vert lettrørt og grin av Instagram-videoar av ein hund og ei and som vert vennar.

Rå ål, hovudskallar og tørka slangar

Fleire tusen år med alkohol og dagen derpå fører også til fleire tusen år med ulike bakrus-kurar, noko Sandtorv òg tek føre seg i boka.

Fristar det med knust fuglenebb og myrra dagen derpå, slik som assyrarane kurerte fyllesjuka? Eller mellomaldervarianten med rå ål og bitre mandlar?

I England på 1600-talet var Goddards dropar ein mogeleg «medisin», men ingredienslista er ikkje del av det faste utvalet verken på Rema 1000 eller Meny. Du trong nemleg fem pund hovudskallar, to pund tørka slange, to pund dådyrgevir og to pund elfenbein.

Kjendisar i USA som får vitamininnsprøyting er noko av det teitaste eg har høyrt.

Den villaste bakruskuren Alexander Sandtorv har høyrt om er likevel frå moderne tid.

– Då må vi jo til Hollywood på bakrusklinikk. Kjendisar i USA som får vitamininnsprøyting er noko av det teitaste eg har høyrt. Det vert eg kjempesint av, seier han.

Intravenøs vitamininnsprøyting har nemleg vorte løfta fram som ein quick fix på bakrusen, og skal ha vore populær blant kjendisar som Chrissty Teigen, Kendall Jenner og Adele.

– Vitamin og bakrus har ei sterk kopling som ei slags vedteken sanning, for mange andre bakruskurar som vert selde inneheld òg vitamin. Den koplinga er rar. Vitamin B kan ha ein effekt, men utover det er det ikkje noko meir, seier forskaren.

Han er heller ikkje særleg imponert over forslag som banan og vodka-smoothie.

– Altså, kan det ikkje i alle fall vere godt då? spør han og ler.

Framtidas designercocktail

Sanninga er at det enno ikkje finst nokon vitskapeleg stadfesta bakrus-kur, trass i at mange har eigne teoriar og strategiar for å nedkjempe tømmermennene.

– Folk vert veldig sinte når ein byrjar pirke i slike ting: «Kvifor tek du frå meg dette?!» Men vi må skilje mellom individ og forsking. Det kan vere noko funkar for deg, men det er ikkje slik at den magiske tingen du lagar er den universelle kuren.

Samstundes kan det komme nokre bakruskurar på marknaden, som Sandtorv òg omtalar i boka.

I USA utforskar nokre forskarar om ei nanopille med enzym som bryt ned alkohol, kan verte ein potensiell bakruskur, medan ein britisk professor frå Imperial College London har utvikla syntetisk alkohol – ein designercocktail som simulerer alkoholopplevinga utan dei negative konsekvensane.

– Dette er ein rusforskar som har vore mot alkohol, som har sagt om att og om att at alkohol bør verte forbode, og som har skreddarsydd ein rusoppleving som skal likne på lukkepromillen.

Fylla utan bakrus er som kriminalitet utan fengsel

Men vil vi ha ei verd utan bakrus? Sandtorv meiner det er ei interessant etisk problemstilling.

– Kroppsleg er bakrusen konsekvensane av at vi har gjort noko vi ikkje skal. Så å ta bakrusen ut av biletet, vert som å gjere kriminalitet utan fengsel. Eg er ikkje avhaldsperson, men det er eit poeng, seier Sandtorv og utdjupar:

– Om du fell og slår hovudet, så bør du få ilt for at kroppen skal fungere som han skal.

Samstundes meiner forskaren at det er naivt å tru at der ikkje er ein marknad som ventar på ein kur.

– På individnivå, så er det forsvinnande få som hadde sagt nei, dersom dei kunne gått på Rema for å kjøpe ei pille som fiksar bakrusen for deg. For det er så ubehageleg, ubeleieleg og kjipt, seier han og held fram:

Der har du paradokset. På intellektuelt plan tenkjer vi «dette bør vi ikkje ha», men på personleg plan, så «gje det til meg». 


Nellie Renate Krokstad debuterer som forfattar med boka «Løvetannbarnet», der ho fortel om eigen oppvekst. Foto: Pål Laukli