Hamako Mori (90) er verdas eldste spelyoutubar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Etter å ha levd så lenge kjenner eg meir enn nokosinne at å spele så lenge var det rette valet. Eg nyt verkeleg livet mitt, det er roseraudt.

Det seier Hamako Mori (90) til nettstaden til Guinness rekordbok.

– Ikkje er rettferdig at berre barn skal spela

YouTube-kanalen hennar har heile 150.000 følgjarar og 90-åringen synest det er stor stas med dei positive kommentarane frå følgjarane.

– Dei seier også at å sjå videoane mine gjev dei håp for framtida. Eg vert så glad. Det er difor eg vil laga mange, mange videoar. Det er draumen min, seier spelentusiasten.

Hamako Mori byrja med dataspel for 39 år sidan, då ho såg barna sine spele.

– Det såg så gøy ut og eg tenkte at det ikkje er rettferdig at berre barn skal spela. Eg tenkte livet ville verte gøyare om eg lærte å spela, seier bestemora.

Elskar Grand Theft Auto V

Ho starta spelkarrieren med konsollen Cassette Vision, men no er favoritten PlayStation 4.

90-åringen visuelt spektakføretrekker ulære actionspel og favoritten er Grand Theft Auto V.

– Det er som å sjå ein film. Eg likar det best fordi det har aldersgrense, så barn ikkje kan spela det, forklarar 90-åringen.