80 år sidan bombinga av Hiroshima og Nagasaki

Åtte av ti nordmenn meiner at atomvåpen bør vere forbode, men det er ein nedgang i dei som ynskjer ein atomfri norsk tryggingspolitikk, ifølgje ei undersøking frå Norsk Folkehjelp.

NPK-NTB-Isabel Bech
Publisert

Like mange vil støtte ein internasjonal avtale for å eliminere alle atomvåpen.

Det viser ei undersøking som Respons Analyse har gjennomført for Norsk Folkehjelp.

I år er det 80 år sidan USA sleppte atombomber over Hiroshima og Nagasaki – 6. og 9. august 1945.

Kraftig signal

– Når åtte av ti nordmenn seier at dei ønskjer eit forbod mot atomvåpen, bør det vere eit kraftig signal til regjeringa, seier generalsekretær Raymond Johansen i Norsk Folkehjelp.

Sjølv om eit klart fleirtal meiner at Noregs forsvars- og tryggingspolitikk skal vere fri for atomvåpen, har andelen gått ned. 61 prosent er no samde i dette, mot 69 prosent i 2021.

Andelen som svarer nei på dette spørsmålet, har også gått opp. 21 prosent svarer nei i år mot 16 prosent i 2021.

Åtte av ti seier at Russlands invasjon av Ukraina har auka bekymringane deira for atomvåpen. Sju av ti er samde i at invasjonen har gjort dei meir lydhøyre for argument om å avskaffe atomvåpen globalt.

Raymond Johansen meiner regjeringa må handle og seie nei til atomvåpen. | Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Noreg stemmer mot atomvåpenforbod

57 prosent meiner at Nato-landa bør kunne seie nei til at atomvåpen blir hatt og potensielt blir brukt på deira vegner – utan at lojaliteten deira til Nato skal dragast i tvil, men også her har andelen gått ned. I 2021 var 68 prosent samde i dette.

Johansen viser til at 70 prosent av statane i verda har støtta FN-avtalen om atomvåpenforbod. I 2017 vedtok FNs hovudforsamling ein avtale som forbyr statar både å utvikle, prøvesprenge, produsere og skaffe atomvåpen.

– Men faktum er at Noreg er ein del av eit lite mindretal på 44 land som kvart år stemmer mot forbodet i FN. At regjeringa framleis gøymer seg bak Nato-medlemskapen, held ikkje. Det er både juridisk og politisk mogleg å signere FN-forbodet mot atomvåpen, også som Nato-land, det har forskarar og ekspertar for lengst bevist, seier Johansen.

10.000 atomvåpen

Han viser til Norsk Folkehjelps årlege rapport Nuclear Weapons Ban Monitor, som viser at dei ni atomvåpenstatane i verda akkurat no har nesten 10.000 atomvåpen. Dei har ei sprengkraft lik 146.500 Hiroshima-bomber tilgjengeleg for bruk.

– Det er tal det omtrent ikkje går å ta inn over seg, seier Johansen.

Blant veljarane er det flest på venstresida som vil forby atomvåpen, men det er fleirtal blant alle partis veljarar.

Andelen er høgast blant SVs veljarar (92 prosent) og lågast blant Frp-veljarar (69 prosent).

Undersøkinga er gjennomført i perioden 7. til 15. mai. 1023 personar har delteke.