Sju fakta som høyrest for utrulege ut til å vere sanne

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Redda Apollo 13 og filmindustrien

Judith Love Cohen var ein amerikansk ingeniør som bidrog til å utvikle systemet som tillét Apollo 13-astronautane å trygt vende attende til jorda, då ein oksygentank eksploderte.

Medan Cohen dreiv på og løyste eit problem i systemet, starta fødselen til ingeniøren som òg var høggravid. Ho tok med seg utskrifter over problemet til sjukehuset og kunne seinare ringe sjefen for å fortelje at ho hadde funne løysinga – og ho hadde forresten fått ein baby òg.

Og veit du kven den babyen var? Jack Black! 

Jack Black er kjend både som skodespelar, komikar og musikar. Han har stemma til pandaen Po i Kung Fu Panda, spelar i filmklassikarane School of Rock, The Holiday og Jumanji og er vokalist i Tenacious D.

Kven er Dorothy?

Heilt tilbake til andre verdskrig har det at ein er friend of Dorothy betydd at ein er skeiv. Men det ante ikkje etterforskingsavdelinga i det amerikanske marinedepartementet (NIS), som på starten av 80-talet reiste rundt på skeive barar i Chicago for å avsløre homofile sjømenn.

Dei høyrde fleire seie at dei var ein venn av Dorothy, og konkluderte så med at Dorothy måtte vere ei ekte kvinne som var kontaktpunkt for homofile militærmenn.

Ifølgje boka Conduct Unbecoming: Gays and Lesbians in the U.S. Military lanserte NIS difor ein omfattande aksjon for å finne denne Dorothy. Dei håpte ho kunne namngje homofile menn slik at dei kunne få sparken.

Heldigvis leita dei etter eit spøkelse.

Verdas verste bustadfelt

I januar 1913 husa den austerrikske hovudstaden nokre av historias mest berykta menn. Då budde nemleg både Adolf Hitler, Lev Trotskij, Josef Stalin, Josip Tito og Sigmund Freud alle i same område i Wien. Alle budde innan dryge 5 kvadratkilometer.

Det høyrest nesten ut som starten på ein vits: Tre diktatorar, ein marxist og ein psykolog går inn på ein bar …

Saruman såg den siste offentlege giljotin-avrettinga i Frankrike

Den siste offentlege avrettinga med giljotin i Frankrike hende i 1939, då den tyske seriemordaren Eugen Weidmann vart avretta utanfor Versailles.

I publikum stod 17-åringen Christopher Lee. Han skulle seinare verte verdskjend som skodespelar, og er kanskje best kjend for rolla som Saruman i Ringenes Herre-filmane.

Etter avrettinga bestemte styresmaktene at dei ikkje lenger ville avrette personar i offentlegheita, fordi det skapte for mykje oppstyr. Dei heldt likevel fram med å avrette personar med giljotin fram til slutten av 70-talet.

Shakespeare-entusiast skapte stare-problem

Staren høyrer eigentleg heime i Europa, og har vore til inspirasjon for mang ein poet og kunstnar. I første del av Shakespeare-verket Kong Henrik IV dukkar ein stare opp, då karakteren Hotspur fantaserer om å lære fuglen å seie Mortimer.

Eugene Schieffelin var ein ihuga Shakespeare-fan og han fekk det føre seg å hylle forfattaren ved å innføre fuglar nemnde i Shakespear-stykke i USA.

I 1890 sleppte difor Shieffelin ut 60 starar, som han hadde importert frå Europa, i New York. Året etter 40 nye. Av desse 100 var det 32 fuglar som overlevde.

I dag husar Nord-Amerika 200 millionar starar. Kvart år påfører fuglane landbruksindustrien kring 800 millionar dollar i skadar.

Måleriet Interior of a Kitchen av Martin Drolling er måla ved hjelp av mykje mumiebrun.

Kunstnarar måla med mumiar

Frå 1500-talet og fram til tidleg 1900-talet, målte kunstnarar med mumiebrun.

Den rike, litt gjennomsiktige fargen var, som namnet tilseier, laga av knuste egyptiske mumiar. Både mumiar av menneske og kattar vart brukte.

For å lage målinga så vart mumiar transporterte frå Egypt for å verte pulveriserte i Europa og selde.

Målinga miste popularitet då kunstnarane vart klar over kor målinga kom frå, men produsenten skal ha laga målinga fram til 1964, ifølgje Smithsonian.

– Vi har kanskje eit par lemmar liggande rundt omkring, men ikkje nok til å lage meir måling. Vi selde vår siste fullstendige mumie for nokre år sidan for £3, trur eg det var. Kanskje vi ikkje skulle ha gjort det. Vi får i alle fall ikkje tak i fleire, skal sjefen hjå målingsprodusenten ha sagt.

Batman-senatoren

Alle demokratiske senatorar frå Vermont har vore med i ein Batman-film.

Det høyrest heilt ellevilt ut, men sant er det, for det demokratiske partiet har berre hatt éin senator i staten. Til gjengjeld har senator Patrick Leahy vore med i fem Batman-filmar.

Han dukka opp i sin første Batman-film i 1995 i Batman Forever, og har sidan vore å sjå i Batman & Robin (1997), The Dark Knight (2008), The Dark Knight Rises (2012) og Batman v Superman: Dawn of Justice (2016)

Som oftast spelar senatoren ein gretten politikar, og mest minneverdig var det i The Dark Knight Rises då han fortalde Jokeren at han «ikkje let seg skremme av thugs».

Ifølgje CNN var Heath Ledger sin Jokeren hans favoritt:

– Han skremde livet av meg då han kom mot meg med kniven. Eg trong ikkje spele, fortalde Leahy Roll Call, sitert i CNN.

Leahy har vore senator frå Vermont i over 47 år, og er i dag også nummer tre i arverekkja for presidentembetet, bak visepresident Kamala Harris og Nancy Pelosi.


Foto: Christels/Pixabay, Jean-Paul Laurens/Offentleg eigedom, Ukjend fotograf/Offentleg eigedom