Great Barrier Reef er på betringens veg – men veksten er ikkje utelukkande positiv

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste sju åra har Great Barrier Reef, det største korallrevet i verda, vorte utsett for omfattande bleiking. Når sjøen vert for varm, fører det til at algane som lever i korallane, vert skilde ut. Det kan føre til at korallen mister farge, svelt og døyr.

2016 og 2017 var særleg dramatiske år når det gjaldt bleiking av revet.

No viser nye undersøkingar frå august 2021 til mars i år, at koralldekkinga har auka på den nordre og den mitre delen av revet. Faktisk er dekkingsgraden på desse stadane no rekordhøg, skriv ABC News.

Minka i sør

I sør er derimot revet utsett for korall-etande sjøstjerner. Og trass i auken i nord, påpeiker Paul Hardisty, leiar for det australske havforskingsinstituttet, at korallrevet framleis er sårbart.

– Vi ser kor sårbart revet er for kontinuerlege, akutte og alvorlege forstyrringar som skjer oftare og varar lengre, seier han til ABC News.

Mindre mangfald

Den raske auken i dei nordlege delane, skuldast hovudsakleg ein einskild korallart. At denne eine arten brer om seg, påverkar mangfaldet på revet.

Ifølge ABC News kan denne typen korall lett verte øydelagd av stormar, heitebølger og sjøstjerner. Når denne arten dominerer, kan revet verte meir sårbart.

– Vi må legge vekt på mangfald. Det kjem til å vere eit nøkkelpunkt for eit sunt økosystem på lang sikt, seier marinebiolog Jodie Rummer til ABC News.