Flodhest kan bli rekna som ein truga dyreart

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flodhestar kan bli lagde til lista over dei mest truga dyreartane i verda, ifølgje britiske The Guardian.

I dag er flodhesten rekna som ein sårbar art av den internasjonale naturvernsunionen (IUCN).

Ein reknar med at det lever kring 115.000–130.000 flodhestar i Afrika. Dyrearten har vorte klassifisert som sårbar. Klimaendringar, tjuvjakt og handel med elfenbein trugar flodhestane.

Flodhestar lever i og rundt elver og innsjøar i 38 afrikanske land, men klimaendringar fører til at dei tapar leveområde. Før det internasjonale CITES-toppmøtet i Panama i november har ti afrikanske land teke til orde for å lista flodhestar som ein truga dyreart.

Dersom flodhesten vert rekna som truga, betyr det eit internasjonalt forbod mot å handla med elfenbein eller andre kroppsdelar frå flodhesten.


Illustrasjonsfoto: Jolo Diaz, Unsplash.com