Arktis blir varma opp mykje raskare enn anteke – klimaministeren kallar ny studie dramatisk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare studiar har konkludert med at Arktis vart varma opp mellom to og tre gonger raskare enn det globale gjennomsnittet.

I ein ny studie har forskarar i Noreg og Finland brukt fire sett med temperaturdata gjennom fleire tiår som grunnlag. Tala går tilbake til 1979, då satellittdata vart tilgjengeleg. Dei kom fram til at temperaturen i Arktis har auka med 0,75 grader celsius per tiår, og dette er altså nesten fire gonger så raskt som på resten av kloden.

Endå raskare rundt Svalbard

Studien, som er publisert i Nature-tidsskriftet Communications Earth & Environment torsdag, viser at det er betydeleg regionale forskjellar i kor fort oppvarminga skjer nord for polarsirkelen. I områda rundt Svalbard og Novaja Semlja har temperaturen auka med så mykje som 1,25 grader per tiår. Det er heile sju gonger så mykje som det globale gjennomsnittet.

Dette antydar at sjølv dei mest presise klimamodellane sannsynlegvis undervurderer takten i oppvarminga av Arktis. Dei anslår ei oppvarming som er rundt ein tredel mindre enn det dei observerte temperaturane viser.

– Det er gjengs i litteraturen at Arktis blir varma opp rundt dobbelt så raskt som kloden, så for meg var det litt overraskande at talet vårt var så mykje høgare, seier medforfattar Antti Lipponen frå det finske meteorologiske instituttet.

– Kanskje det neste steget blir å sjå på modellane. Eg vil vere svært interessert i å sjå på kvifor modellane ikkje attskaper det vi ser i observasjonane og kva det betyr for framtidige klimaprognosar, seier Lipponen.

Isen smeltar i rekordfort på Svalbard. Høgare temperaturar vil ikkje hjelpe på situasjonen. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Klimaministeren bekymra

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) er kjent med funna i klimarapporten. Han er bekymra for kva det betyr for framtida i nord.

– Dette er dramatiske tal. Studien er nok eit alvorleg varsku om kor raskt klimaendringane skjer, seier Eide i ein e-post til NTB.

Han var sjølv på Svalbard førre veke og fekk oppleve klimaendringane på nært hald.

– Isen smeltar i rekordfart, vatnet blir varmare, permafrosten tiner, livet på land så vel som i havet endrar seg, seier Eide og legg til:

– Delar av Svalbard er i ferd med å skifte frå eit arktisk til eit atlantisk klima.

Miljø- og klimaminister Espen Barth Eide er bekymra over funna i den nye klimarapporten frå norske og finske forskarar. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

Forsterkande effekt

I 2019 skreiv FN i ein spesialrapport at Arktis blir varma opp raskare på grunn av ein prosess kjent som arktisk forsterkning. Den oppstår når snø og is, som reflekterer sollys, smeltar og renn ut havet, som absorberer det same lyset.

I tillegg til ein dramatisk påverknad på lokalsamfunn og natur og dyreliv som er avhengig av sjøisen for å finne mat, vil rask oppvarming i Arktis få konsekvensar for heile verda. Grønlandsisen inneheld nok ferskvatn til å heve havnivået i verda med rundt seks meter.

– Etter kvart som Arktis blir varmare, vil isbreane der smelte, og dette vil påverke havnivået over heile verda. Det skjer noko i Arktis, og det påverkar oss alle, seier Lipponen, som understrekar at klimaendringane blir forårsaka av menneske.


Malin Kvaal Bergland (15) og Øyvor Johanne Gjerde (15) seier dei har vorte litt borskjemde det siste året. Foto: Norsk Polarinstitutt