Fleire vil bli yrkessjåførar: NLF meiner det er behov for fleire studieplassar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Utdanningsdirektoratet er det 7.181 elevar som søkte seg inn på VG 1 Teknologi og industrifag (VG1 TEK). Det er ei stigning på litt over åtte prosent samanlikna med i fjor, og vi må tilbake til 2014 for å finne høgare søkjartal, skriv Norges Lastebileier-Forbund (NLF) i ei pressemelding.

Tidlegare i år søkte NLF og Utdanningsdirektoratet om eit kryssforløp mellom VG1 sal service og reiseliv til VG2 Transport og logistikk (TL) II og frå VG1 Bygg- og anleggsteknikk til VG2 TL. Avslaget for dette kom i mai.

– Det er eit uforståeleg avslag som verken hjelper elevar eller næringa. Vi kjem ikkje til å leggje denne saka død då dette er for viktig for alle partar, kommenterte marknadssjef i NLF, Kjell Olafsrud, då avslaget vart kjent.

Utfordringa no er å få fylka og skulane til å auke kapasiteten på VG1 og VG2 tilsvarande.

– Det er skuffande at fylka ikkje følgjer opp med nok skuleplassar. Styresmaktene må no gjere sin del av jobben og sørgje for at det er nok skuleplassar tilgjengeleg, meiner administrerande direktør i NLF, Geir A. Mo.

På bakgrunn av Norges Lastebileier-Forbunds prognosar, vil det vere behov for 15.000 sjåførar fram mot 2030. Sjåførmangelen i transportbransjen er kritisk, og på sikt kan det bli eit samfunnsproblem om det ikkje blir utdanna fleire.