Færre vil bli kunst- og handverkslærar etter master-krav

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

20 prosent færre vil ta faglærarutdanninga etter innføring av femårig mastergradsutdanning, skriv Khrono.

Alle utdanningstilboda, med unntak av eitt ved Universitetet i Søraust-Noreg og eitt ved Universitetet i Agder, har gått frå å vere eit treårig bachelorprogram til femårig masterutdanning.

Hausten 2022 er siste år det er mogleg å tilby den treårige utdanninga.

Les også: Firarkravet i lærarutdanninga blir skrota

Vil ikkje ha «B-lærarar»

Det var Solberg-regjeringa som innførte endringa i 2020. Eit sentralt poeng var at ein ikkje ønskte eit skilje i skulen der faglærarar i praktiske estetiske fag er mindre utdanna enn dei andre lærarane, og dermed får status som ein slags «B-lærar».

Samarbeidsforumet for estetiske fag har støtta omlegginga. Styreleiar Kristian Ulyses Andaur meiner søkjartala speglar manglande styrking i skulen.

– Utfordringa i dag er at faglærarar i praktisk og estetiske fag, har problem med å få jobb og i tillegg fulle stillingar. Undervisningsstillingar blir også mindre attraktive for nyutdanna lærarar då faga blir nedprioriterte i skulane, og då rammevilkåra for faga i utgangspunktet er for dårlege, seier Andaur til Khrono.