«Dette er eit desperat opprop, ikkje ein skam-deg-guilt trip. Eg vil leve»

Astrid Rem
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg er ein av dei irriterande idealistane, som vil redde verda og som plagar vanlege folk fordi eg ikkje gidd å bruke dei vanlege kanalane i demokratiet for å fremje mitt syn.

Den litt drøyare utgåva av skulestreikarane. Men, like «bortskjemt og verkelegheitsfjern», kanskje.

Eg krev at vi stoppar oljeleitinga.

Dette lesarinnlegget blei mykje lenger enn eg først hadde sett føre meg, men håpar du som er her no synest dette er viktig nok til å lese heile.

– No går alarmen

Sivil ulydnad er demokratiets brannalarm og ein rett verna av ytringsfridomen. Det luktar brent, tjukk røyk siv ut av vindauga. No går alarmen. Det er over eit år sidan FN erklærte kode raud for menneska og det internasjonale energibyrået med klar tale sa at 2021 burde vere det siste året det blir leita etter olje. Dette er ikkje organisasjonar som tradisjonelt sett trampar i takt med «ekstreme klimahysterikarar, radikale aktivistar og pøbelstrekar».

Vi protesterer mot at alle unge si framtid blir seld billig mot kortsiktig profitt. Vi ser oss tvungne til å prøve fordi miljø- og klimamedvitne organisasjonar og enkeltmenneske har prøvd alt anna i ein generasjon utan at det har hjelpt nemneverdig. 

Eg er lei for forstyrringa av folk sine daglegliv

Vi hoppa ikkje plutseleg rett på å lage dritlange køar ved å setje oss ned i vegen heilt til politiet løftar oss bort. Vi gjer det i alle fall ikkje fordi det er gøy å bli arrestert eller bli utsett for hets og valdsoppfordringar. Vi har prøvd å berre blokkere oljetankbilar og anna oljeinfrastruktur, men veldig få fekk det med seg.

Eg har sett meg godt inn i konsekvensane våre aksjonar har. Eg aksepterer den personlege kostnaden og eg er lei for forstyrringa av folk sine daglegliv som heilt klart er det steget som må takast, i det minste forsøkast, for å rette fokus mot dei katastrofale følgjene vi allereie ser som følgje av global oppvarming.

Foto: Stopp oljeletinga

– Jævlig feigt

World Overshoot Day er årets tristaste markering, synest eg. Dei siste 35 åra har datoen gradvis flytta seg tidlegare og tidlegare på året. Han var 28. juli i år og representerer at frå no og ut resten av året tek vi opp økologisk forbrukslån for å betale alle rekningar, turar på byen, mat og nødvendige ting.

I staden for å setje opp stramt budsjett og setje i verk systemendringar som på kortast mogleg tid i alle fall gjer at vi kan gå i null, går vi meir på byen og kjøper meir drit vi ikkje treng enn nokon gong før. Ikkje har politikarane eigentleg brydd seg nok til å setje seg inn i kva renta er eingong. Eg trur eg sånn ca. veit kva Luksusfellen ville sagt om dette.

Det er vanskeleg å finne ord som skildrar kor ansvarslaust, kortsiktig og egoistisk eg synest det er. Det er misbruk av tilliten makta dei er gjevne plikter til når, særleg dei største partia, aktivt jobbar for at vi skal sjå ein annan veg eller peike finger, eller ber oss om å setje vår lit til magisk teknologi som ikkje er funnen opp enno. Og det er dessutan berre så jævlig feigt.

Eg trur eg sånn ca. veit kva Luksusfellen ville sagt om dette

Rekninga sender dei med all slags bortforklaringar og what-aboutisms til dei som er unge i dag. Det eg ikkje heilt klarar å forstå er korleis dei klarar å lure seg sjølve til å ikkje ha litt dårleg samvit eingong. Dei satsar på at oppgjeret kjem ein dag dei ikkje lenger sit i regjering? Ikkje lenger set kynisk omsyn til eigen karriere framfor alt anna?

Eg får det berre ikkje til å stemme, mange av dei i toppstillingar og  regjeringar verda over har jo barn sjølve, bryr dei seg ikkje om framtida til sine eigne barn, eller er dei berre sinnssjukt gode på mental gymnastikk og totalt ute av stand til å sjå kritisk på seg sjølv?

Foto: Stopp oljeletinga

Deprimerande scenario

Ekspertar frå ei rekke fagfelt – alt frå økonomi, biologi, fysikk, samfunnsfag, etikk og filosofi og fleire har gått sterkt ut og åtvara oss i tiår om konsekvensane av global oppvarming. Kort samanfatta; det blir sjukt dyrt og grufullt. Dagens politikk har stø kurs mot 3 gradar innan dette hundreåret, sjølv om vi har lova at vi skal halde oss til 1.5. Dette er openbert noko dei to siste regjeringane drit ein lang marsj i sidan ingen av dei har laga ein plan for KORLEIS vi skal klare det.

Kort samanfatta; det blir sjukt dyrt og grufullt

I FNs klimapanel sine rapportar har ordbruken raskt utvikla seg frå sterke åtvaringar til deprimerande scenario – sjølv om vi tek eit skikkeleg skippertak i går og kvar dag ei god stund framover. FNs generalsekretærs nylege utsegn om kor nødvendig rask og komplett omstilling bort frå fossile energikjelder, «We have a choice. Collective action or collective suicide. It is in our hands», er drygt, sjølv i mine øyrer. Det er sjeldan sterk ordbruk. Er det mogleg å ta innover seg dette bodskapet og framleis tenke at Noreg skal leite etter meir olje?

Påverkar unge

Unge folk i dag ser mørkare på eiga framtid enn generasjonen før. Er det umoralsk å få barn i dag? Er det nokon vits i å ta utdanning? Sjølvsagt påverkar dette unges mentale helse. I tillegg har vi svært avgrensa makt og innverknad over kor trygt vi kan forvente at framtida blir.

Vi er på veg mot milliardar av menneske på flukt innan neste hundreår og global matmangel er vi latterleg langt unna å kunne skjerme oss frå. Er ikkje flyktningar noko til dømes FrP er mest opptekne av, og mattryggleik ei kampsak for Senterpartiet? Ikkje når det gjeld eit par tiår fram i tid, tydelegvis. Då må ein jo tenke lenger enn eigen nasetipp. Kompliserte greier. Kanskje dei har diskutert det og kome fram til at det luraste og mest effektive blir å byggje mur rundt heile Noreg rundt år 2050, og at sveltediett kan bli ei kul utfordring?

Må godt vaksne folk freistast som små barn for å klare å bry seg?

«Ikkje ver så dommedagsprofetaktig då, det er så usexy. Då blir du ikkje likt og det skadar saka». Det skadar saka å snakke sant? Vil folk heller sjå den einaste heimen vi har brenne over, enn å risikere at nokon finn på å bli fornærma av det her? Må godt vaksne folk freistast som små barn for å klare å bry seg? «Du får tre klistremerke om du ikkje gjer uoppretteleg skade på jorda som gjer ho uleveleg for alle som kjem etter din generasjon». Sånn?

Det er faktisk mange av våre forbruksvanar og energipolitikk som må endrast – vi må slutte å sløse bort så helvetes mykje av det vi har. Dette er eit desperat opprop, ikkje ein skam-deg-guilt trip. Eg vil leve.

Oljeeventyret er over

Vi likar å sjå på oss sjølv som eit folk med sunne haldningar og høg moral. Det omtrent frekkaste eg nokon gong har høyrt var då regjeringa forsvarte dagens oljepolitikk, skrytte av nye leitelisensar og klappa seg sjølv på skuldra etter at Stortingets eige kontrollorgan berre dagar før slapp ein rapport der dei ved gjennomgang av høgsterettsdommen i klimasøksmålet frå 2020 konkluderte med at oljeleiting er grunnlovsstridig! Så vi har faktisk ein kriminell oljepolitikk? Køddar du?

Kva er det som skal til? «Vi har gjort vurderingar», «Europa treng norsk olje og gass». Ja vel, at Europa treng norsk olje og gass no på grunn av krigen mellom Russland og Ukraina har då vel ikkje ein drit å gjere med om vi skal halde fram å leite etter nye oljefelt, eller energistabiliteten i Europa om 5 år? Det tek i gjennomsnitt 15 år frå byggestart til full produksjon. Det er også heilt utruleg umoralsk å gamble på at vi ikkje har klart energiomstillinga på dei 15 neste åra som verdssamfunn i heilskap. Det vil i så fall seie at vi set pengar på framtidig samfunnskollaps. Det er heilt for jævlig avslørande og ekkelt. Slutt å lyge.

Dette er eit desperat opprop, ikkje ein skam-deg-guilt trip. Eg vil leve

Det finst fleire grunnar til å vere stolte av det norske oljeeventyret, men no er det over. Det er blant anna eit praktdøme på styrt industriutvikling. Kult, kan vi ikkje berre gjere det igjen? Og kan vi please berre skippe «kva med Kina?». Vi kan ikkje styre dei i Kina, vi kan styre oss sjølve.

Vi må setje i verk tiltaka og reguleringane som gjer klimavenlege alternativ suverent tiltrekkjande, framfor å tvihalde på fossilindustrien og andre ikkje-berekraftige måtar å gjere ting på. Eg håpar og synest Noreg skal vise verda vegen. Om ikkje vi gjer det, kven? Og viss ikkje no, når da, Støre? Gjer noko ekte!

Foto: Stopp oljeletinga

Jobbar hardt for å sminke sine eigne tal

I år melder Equinor om rekordoverskot. Så hyggeleg for partitoppane i Senterpartiet med sterk personleg tilknyting til olje- og gassektoren, då. Det er forresten lite som er så kvalmande som når Equinor antydar at dei, framfor andre, burde halde fram med olje og gass til ingen lenger vil ha. Jo! Fordi det er så dårleg HMS i Saudi-Arabia og dessutan har jo Equinor lurt til seg ein drøss med skattepengar til å gjere drifta «reinare». Berre drifta. Ok, dei jobbar hardt for å sminke sine eigne tal, det skal dei ha.

Olja sprett omtrent opp av bakken sjølv i Midtausten, medan vi forstyrrar viktige økosystem i havet. Ved å halde oppe verdas oljeavhengigheit og forsinke investeringar i utsleppsfrie alternativ, ser eg liksom ikkje heilt kvifor noko av dette spelar noka rolle? Poenget er at vi må bort frå fossil energi, det kvalifiserer knapt nok til å «pisse i buksa for å halde seg varm» å påstå noko anna.

Politikarane har makta til å øydeleggje framtida mi, men dei har ikkje mitt samtykke. Dei kan heller ikkje forvente at eg ikkje skal gjere motstand. Eg håpar du som les dette vil vurdere å bli med meg. Samla kan vi ikkje bli ignorerte. Vi har vitskapen, historia, NATO, FN, det internasjonale energibyrået, Norges institutt for menneskerettigheter og mange fleire i ryggen.

Eg klarte ikkje å sitje stille å sjå på lenger, gjer du?


Undersøkingar av Great Barrier Reef på kysten til Australia visar at koralldekkinga nokre stader er høgare enn på 35 år. Foto: Australian Institute of Marine Science