«Gjennom meir valfridom kan vi skape ein skule som faktisk førebur ungdommen på framtidas utfordringar»
Framstegspartiet vil fjerne språkfag og sidemål som obligatoriske fag og gjere dei til valfag, skriv Julian Beck.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Norsk skule treng ei reform. Dagens A4-skule som tvingar alle elevane gjennom eit skuleløp med mange unødvendige valfag, er forelda og må tilpassast eleven.
Resultata frå PISA-undersøkinga og nasjonale prøver viser eit tydeleg resultat: norske elevar presterer stadig dårlegare. Dette er eit teikn på at det må takast grep. Det er på tide å tenkje nytt og skape ein skulekvardag som er meir fleksibel, tilpassa og relevant for den enkelte elev.
Ei av dei største utfordringane i dagens skule er mangelen på tilpassing til elevane sine ulike behov og interesser.
Kvar elev skal kunne lukkast
Elevar i den norske skulen har forskjellige styrker og svakheiter, men dagens system behandlar alle som om dei var like.
Ved å innføre nivåinndeling i faga, der elevane blir plasserte på ulike nivå basert på kor godt dei meistrar faget, kan vi gje kvar elev den hjelpa dei treng for å lukkast. Dette vil sikre at dei som treng ekstra støtte, får det, samstundes som dei som er flinke, kan bli utfordra ytterlegare.
Ei slik tilnærming vil ikkje berre forbetre læringsutbyttet, men også auke motivasjonen og meistringskjensla blant elevane.
Meir personleg økonomi og mindre sidemål
Eit anna viktig punkt er språkfaga, inkludert sidemål. Sjølv om desse faga har sin verdi, er det ikkje alle elevar som har behov for eller interesse av å lære desse faga.
Framstegspartiet vil fjerne språkfag og sidemål som obligatoriske fag og gjere dei til valfag.
Med det kan vi frigjere tid og ressursar som kan brukast til andre fag eller aktivitetar som er meir relevante for den enkelte elev. Dette vil også redusere presset på dei som slit med å meistre fleire språk, og gje dei moglegheit til å fokusere på det dei er interesserte i eller har talent for.
Ein annan stor mangel i dagens skule er praktisk kunnskap om personleg økonomi. Korleis spare, budsjettere, investere og forstå skatt er ferdigheiter som alle burde lære og kunne. Framstegspartiet ønskjer derfor å innføre Personleg økonomi som eit fast fag for å gje dei unge meir forståing som dei treng for å takle økonomiske utfordringar i vaksenlivet.
Moglegheit til å velje
Det er på tide å leggje den stive og einsidige A4-skulen bak oss og erstatte han med ein skule som tek utgangspunkt i elevane sine ulike behov og interesser.
Gjennom meir valfridom, valfritt sidemål og ei større vektlegging av praktiske ferdigheiter som personleg økonomi, kan vi skape ein skule som faktisk førebur ungdommen på framtidas utfordringar.
La oss gje elevane moglegheita til å forme sin eigen skulekvardag – for deira framtid, og for Noreg.