Vi har brukt opp ressursane til jorda for i år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Organisasjonen Global Footprint Network reknar seg kvart år fram til kva som er den såkalla overforbruksdagen, internasjonalt kjent som Earth Overshoot Day. Alt forbruket resten av året skjer «på kreditt».

– Det er skremmande å sjå korleis denne dagen kjem stadig tidlegare. Earth Overshoot Day har vorte flytta med tre månader dei siste 35 åra. Vi forbrukar som aldri før og klarer rett og slett ikkje å halde oss innanfor tolegrensene til planeten, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdsnaturfondet i ei pressemelding.

Noreg blant dei verste

Karoline Andaur er generalsekretær i WWF Verdas naturfond

Karoline Andaur er generalsekretær i WWF Verdas naturfond. Foto:
WWF/Ivan Tostrup

Dei skriv at 68 prosent av dyrebestandane i verda er vorten borte sidan 1970, og at mykje av dette kjem av produksjon og forbruk av varer. Her ligg Noreg i «verdstoppen».

Vi brukte opp vår del av ressursane allereie 12. april, som var vår overforbruksdag.

– Dersom alle skulle hatt like høgt forbruk som nordmenn, ville vi ha trunge 3,6 jordklodar. Slik kan det ikkje halde fram, seier Andaur.

Ho etterlyser den varsla handlingsplanen til regjeringa for sirkulær økonomi. Den må komme snarast og ha konkrete, effektfulle tiltak, skriv WWF i eit felles utspel med Naturvernforbundet og Framtiden i våre hender.

Vil halvere ressursfotavtrykk

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen ber om tiltak som gir ein reell nedgang i forbruket, medan Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender seier det må bli billigare og enklare å velje miljøvennleg for folk flest. Ho meiner regjeringa bør ha som mål å halvere nordmenns ressursfotavtrykk.

– Noreg er i dag berre 2,4 prosent sirkulært. Det betyr at mesteparten av det vi kjøper, går på dyngja, seier Andaur.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Framtida.no (@framtida.no)