Folket har talt: Kansas held på abortrettane i grunnlova

Konservative krefter ville fjerne abortrettane frå grunnlova i staten Kansas. Men etter ei folkerøysting er rettane sikra.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv britiske The Guardian natt til onsdag.

59 prosent røysta mot å endre grunnlova i delstaten, som i dag sikrar retten til abort i Kansas. Resultatet vert rekna som ein stor siger for abortrettane i USA. Det er den første folkerøystinga over spørsmålet etter at Roe mot Wade vart skrota.

– Røystinga synleggjer det vi allereie veit: Majoriteten av amerikanarar er einige i at kvinner skal ha tilgang til abort og skal ha retten til å ta val for eiga helse, sa president Joe Biden i ein uttale.

– Det er fantastisk at røystene til kvinner vart høyrde, og at vi bryr oss om kvinnehelse. Eg er så takksam, sa statssenator Dinah Sikes (demokrat) til The Guardian.

Fleire statar forbyr abort

Etter at den amerikanske høgsteretten oppheva Roe mot Wade, har fleire amerikanske statar allereie innført ulike grad av forbod mot abort. Det er venta at endå fleire statar vil sjå på lovane sine med nye auge. Difor var det mykje spaning knytt til avgjerda i Kansas.

Kansas er ein svært konservativ og tradisjonelt sett republikansk stat, og meiningsmålingar på førehand viste eit fleirtal for å innskrenke abortrettane. Den katolske kyrkja brukte meir enn 3 millionar dollar på kampanjen for å få endre på grunnlova.

Sofie Høgestøl, førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, sa til VG i forkant av valet at ein siger ville gitt auka legitimitet til abortmotstandarane i USA.

– Viss dei tapar, tenker dei kanskje at røystingar bør sløyfast og at dei heller skal ha eit politisk fleirtal for å forby abort, sa Høgestøl.

Fleire røystingar i vente

Kansas tillèt abort fram til veke 22, med somme restriksjonar, mellom anna ein 24 timars venteperiode.

Ettersom fleire av nabostatane til Kansas har innført forbod mot abort, har staten opplevd ein straum av kvinner frå Arkansas, Missouri, Oklahoma og Texas. Men kapasiteten er sprengd, fortel Emily Wales, dagleg leiar i Planned Parenthood Great Plains til The Guardian. Ho seier at dei må oppmode tilreisande pasientar til å reise vidare til andre statar.

Fleire av statane i USA ligg an til å røyste over abortsaka i tida som kjem. I California og Vermont ønsker demokratane å grunnlovsfeste retten til abort. I Kentucky og Montana skal det røystast over innskrenkingar i abort-retten.


Kollasj av Matt Gaetz og Olivia Julianna. Foto: Presse/gaetz.house.gov og Gen-Z for Change