Foreslår å fjerne bindingstid for leigetakarar: – Stor siger

Jussbuss hjelper folk som står i vanskelege leigekontrakter. No vil husleigelovutvalet fjerne bindingstid på leigeforhold.

Åshild Slåen
Publisert

– Denne rapporten foreslår å stryke bindingstid. Det synest vi er veldig positivt, og ein stor siger for leigetakarar i heile landet, seier jusstudent Ingrid Heggholmen Gåssand, som jobbar i husleige- og gjeldsgruppa til Jussbuss.

Onsdag 31. januar leverte husleigelovutvalet sin fyrste delrapport om endringar i husleigelova. Hovudtemaet er kontraktslengde og oppseiingstid når det kjem til leigeavtaler.

Vanskelege kontraktar

Jussbuss er ein organisasjon der jusstudentar tilbyr fri rettshjelp. Rundt 30 prosent av sakene som husleige- og gjeldsgruppa deira tek seg av handlar om leigetakarar som ønsker å flytte, men som ikkje kjem seg ut av vanskelege kontraktar.

Personane dei møter kan føle seg utrygge der dei bur, eller ha feil i leilegheita som ikkje blir fiksa. Likevel, har dei ti månader bindingstid att, er det umogleg å kome seg ut av kontrakten, med mindre utleigar går med på ei ny avtale.

Det kan endre seg dersom dei nye forslaga går gjennom.

– Det ville løyst situasjonen til veldig mange av sakene vi behandlar, seier Idunn Holte, som arbeider saman med Gåssand.

Dette tilrår utvalet å endre i husleigelova:

  • Gjere leigetakaren sin rett til å seie opp ufråvikeleg, altså å fjerne moglegheita for bindingstid
  • Auke minstetida for tidsbestemte avtaler frå tre til fem år (gjeld ikkje for dei som leiger ut der dei sjølv bur)
  • Gi leigetakar rett til å forlenge tidsbestemte avtaler
  • Avgrense høve for utleigar til å endre grunngjeving for å seie opp nokon etter oppseiinga er sendt

Du kan lese heile rapporten her.

Kjelde: Kommunal- og distriktsdepartementet

Neste del i oktober

– Vi skal sikre trygge leigeforhold for dei om lag ein million nordmennene som leiger bustaden sin, sa kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) då han fekk rapporten.

Husleigelovutvalet har sett på om noko må endrast i lova som no eksisterer for å styrke leigetakarane sine rettar, og grunnleggjande butryggleik.

Rapporten skal no ut på høyring, og utvalet vil levere ein sluttrapport i oktober, der dei ser på andre delar av lova.

Meir stabilitet for leigetakarar

At minstetid blir tilrådd utvida er studentane i Jussbuss også glade for. Dei meiner det kan gi meir stabilitet til leigetakarar, som då slepp å forhandle ny kontrakt, med ei høgare leige, kvart tredje år.

Huseiernes Landsforbund meiner på si side at grensa på tre år fungerer godt i dag. At leigetakarar også automatisk skal ha rett til å forlenge dei tidsbestemte femårsavtalene var noko deira eigen representant i utvalet ikkje var einig i.

Kommunikasjonssjef Lillian Vatnøy frå Huseiernes Landsforbund. Pressefoto: Ana Leardini

Kommunikasjonssjef Lillian Vatnøy peiker på at det kan få konsekvensar for mindre private utleigarar, som utgjer ein stor del av leigemarknaden.

– Dette handlar om råderett over eigen heim. Denne retten er det viktig at vi bevarer for å sikre at vi også framover har tilstrekkeleg med tilgang på utleigebustader, og unngår at folk blir skremde bort frå å bli utleigarar.

Sårbare grupper stiller dårlegare

– Å ha tak over hovudet er eit primærbehov. Difor aksepterer ein ofte dei vilkåra ein får, seier jusstudent Gåssand.

Ho fortel at dei som ofte kjem i vanskelege situasjonar er dei som allereie er sårbare. Personar som ikkje kan norsk, unge som har flytta ut for fyrste gong, minstepensjonistar som har leigd heile livet og folk med låg inntekt.

Spesielt dei som har problem med kommunikasjon eller lite erfaring, kan få utfordringar.

– Då er det vanskeleg å vere klar over reglane, eller vite kva dei skal sjå etter i ein kontrakt.

Til og med ressurssterke jusstudentar kan få trøbbel på bustadmarknaden. Gåssand studerer på sitt tredje år, og fortel at ho har mått flytte fem gonger, delvis på grunn av dårlege bustader.

– Eg forhandlar ikkje på ein standardkontrakt, sjølv om leigetakarar burde det. I praksis har ein ikkje rom for å forhandle, for utleigar har som regel mange leigetakarar i kø for å kome på visning, fortel Gåssand.

Holte innrømmer at ho sjølv ikkje forstod alt som sto i kontrakten sin før ho byrja å arbeide med husleigerett.

– Eg har for eksempel bindingstid eitt år av gongen. Det hadde eg ikkje heilt teke inn over meg då eg skreiv kontrakten.

Heldigvis har det gått fint der ho bur no.

– Men det seier noko om kor vanskeleg det er å sette seg inn i dei reglane, også for jusstudentar.

Dei trur at ei enklare, meir forståeleg lov der alle er blir meir klar over kva rettar og pliktar dei har, vil hindre mykje konflikt i leigeforhold.