Seks ting du må veta for å forstå energikrisa i Europa

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1: Russisk gass er viktig

I Europa får me energien vår frå ein haug me ulike kjelder. Og energimiksen varierer frå land til land.

Blant landa i Europa er petroleum – altså olje og gass – den klart største kjelda til energi.

Mykje av gassen som blir bruka i Europa kjem frå Russland. Også Noreg er ein stor eksportør av gass til andre europeiske land.

Nokre land er meir avhengige av russisk gass enn andre.

Moldova, Finland og Latvia importerer nær all gassen sin frå Russland. Om lag halvparten av den tyske gassimporten kjem frå Russland. For Frankrike sin del utgjer russisk gass berre ein fjerdedel av importen.

Me brukar lite gass i Noreg. Men i mange europeiske land er det ein viktig del av energimiksen.

2: Russland har blitt ein utrygg leverandør av gass

Etter at russiske styrkar invaderte Ukraina har gassleveransane frå Russland blitt usikre.

Ursula von der Leyen
Foto: CC-BY-4.0: © European Union 2022 – Source: EP

Frå 10. juli var den viktige gass­røyrleidningen Nord Stream 1 stengd i 10 dagar. Ifylgje det russiske statskontrollerte selskapet Gazprom, som driv røyrleidningenen, var årsaka vedlikehald. Men i Europa blei nedstenginga tolka som politisk spel.

– Russland driv med utpressing. Russland brukar gass som eit våpen, meiner Ursula von der Leyen, som er president i Europakommisjonen.

Frå onsdag 27. juli blei gassleveransane igjen kutta. Slik at Nord Stream 1 berre leverer 20 % av det leidningen har kapasitet til.

Ukraina vil derimot levera meir straum til Europa.

– Ikkje berre vil eksporten sørga for auka inntekter, men også hjelpa partnarane våre å motstå energi-utpressinga frå Russland, seier president Zelenskyj ifylgje Al Jazeera.

3: Mykje blir dyrare

Når gassleveransane blir mindre stig energiprisane.

Du merkar det sjølv ganske så godt viss du skal betala straumrekninga eller fylla bensin på bilen.

Men høge energiprisar driv òg prisane opp på andre varer. Det heng blant anna saman med at fabrikkane og industrien er storforbrukarar av energi.

I verste fall blir dei europeiske land nøydde til å rasjonera energien.

Ifylgje Statnett er det mellom 5 og 20 % sannsyn for rasjonering av straum i Noreg til vinteren, melder VG.

4: EU er ein viktig arena for samarbeid

EU har blitt den viktigaste arenaen for å både å samarbeida – og krangla – om korleis ein skal handtera energikrisa. Og det går temmeleg heftig for seg.

Tysdag 26. juli blei Ministerrådet i EU samde om ein beredskapsplan for å bli minst mogeleg sårbare for kutt i russiske gassleveransar.

Hovudpunktet i planen er at alle EU-landa skal kutte forbruket av gass med 15 %. 

Ministerrådet har møta sine i fargerike lokale i Brussel.
Foto: Tauno Tõhk / European Council / CC BY 2.0

Beredskapsplanen blei ikkje til utan vanskar. Samanlikna med det opphavlege forslaget er det endelege vedtaket noko uthola.

Kutta skal foreløpig skje frivillig. Og det finst fleire untak som gjer at eit land nødvendigvis ikkje treng å kutta gassforbruket med 15 %.

Det er særleg landa sør i Europa som har vore kritiske til strenge gasstiltak. Dei er ofte mindre avhengige av gass frå Russland.

– Portugal er absolutt i mot forslaget frå Europakommisjonen, då det ikkje tek omsyn til skilnadane mellom dei ulike landa, sa João Galamba, som er energiminister i Portugal, i forkant av Ministerådsmøte.

Fleire peika i etterkant av på at Ministerrådet hadde kome til ei felles avgjersle.

I ei pressemelding seier den tsjekkiske industri- og handelsministeren Jozef Síkela, som leia møtet i Ministerrådet:

– EU er står saman og er solidariske. Dagens avgjersle har tydeleg vist at medlemsstatane står sterkt imot eit kvart forsøk frå Russland på å skapa splid i EU med energileveransane som våpen.

5: Tyskland står i ein kjip skvis

Lenge var Tyskland det landet som jobba mest for integrasjon og gasshandel med Russland. No er Tyskland blant dei ivrigaste i klassen når det gjeld at Europa skal bli uavhengig russisk gass.

I tillegg er Tyskland det viktigaste transittlandet i Europa for gass. Kva Tyskland vel å gjera får fylgjer for resten av Europa.

Robert Habeck
Foto: Stephan Röhl / Heinrich-Böll-Stiftung / CC BY-SA 2.0

Tyskland ynskjer sterkt felleseuropeiske løysingar.

– Me må sørga for at gassmarknaden blir verande open. Og at me ikkje – når det no er krisetid – forsøkjer å trekkja oss tilbake i eigne nasjonale løysningar. Når alt kjem til alt vil ikkje det hjelpa oss. Økonomiane våre og samfunna våre er for samanvovne. Det europeiske samarbeidet er det riktige svaret på krigen til Putin, sa den tyske visekanslaren, Robert Habeck, då Ministerrådet var samla 26. juli.

Men Tyskland har fleire gamle skjelett i skapet som gjer det vanskeleg å mana til europeisk samling.

– Kor var energisolidariteten og energitryggleiken i Europa då Tyskland, mot viljen til Polen og mange andre, bygde Nord Stream 1? har den polske politikaren Joachim Brudzinski undra.

Nord Stream er eit sett med gass­røyrleidningar i Austersjøen. Dei fraktar gass frå Russland til Tyskland.

Foto: AP Photo Dmitry Lovetsky / AP Photo / NTB Scanpix

Nord Stream 1 blei opna i 2011. Røyrleidningen var kontroversiell fordi Russland fekk mogelegheita til å eksportera gass til Vest-Europa utan å måtta gå gjennom austeuropeiske transittland – som til dømes Ukraina.

Fleire meinte at det ville gjera det lettare for Russland å ha eit dårleg forhold til naboane sine.

Nord Stream 2 skulle eigentleg blitt ferdig i vinter. Men etter Russlands invasjon av Ukraina har den tyske regjeringa nekta å ta i bruk røyrleidningen.

6: Noreg har ei nykelrolle

Etter Russland er Noreg den største eksportøren av gass til dei europeiske landa.

Og når tilførsla av russisk gass er usikker, då blir den norske gassen endå viktigare.

Då arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen tidleg i juli avbraut ein streik i olje- og gassbransjen var det av omsyn til den geopolitiske situasjonen.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.
Foto: Stortinget

– Det er uforsvarleg å la gassproduksjonen stoppa opp i eit så stort omfang som denne streiken dei neste dagane blir anslått å medføra. Produksjonstala fell dramatisk, og dette er særs kritisk i ein situasjon kor EU og Storbritannia er heilt avhengige av energisamarbeidet med Noreg, sa Persen i ei pressemelding.

No leverer Noreg så mykje gass som mogleg til Europa. Norske reiarlag bidreg òg med infrastruktur for å ta i mot LNG-gass i Europa.

Òg i utanlandske aviser har Noregs nykelrolle som stabil leverandør av gass fått merksemd.

Britiske Financial Times skreiv at streiken i olje- og gassbransjen truga gassleveransane til Storbritannia. Den tyske avisa Süddeutsche Zeitung har skrive saka «Gass- og oljeeksport: Korleis Noreg profitterer på krigen».


Foto: Annie Spratt, Jan Baborak, Mike Erskine, Chris Leboutillier, Fabien Maurin, Mika Baumeister/ Unsplash. Kollasj: Framtida.no