Vil gi sko og klede «levetid»-merking

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– SV vil foreslå ei merking med forventa levetid på sko og andre varer, og vi vil utvide reklamasjonsretten, slik at produsentane må ta eit større ansvar for at vi kan kjøpe sko som faktisk varer ei stund, seier stortingsrepresentant for SV i Rogaland, Ingrid Fiskaa.

Saka skal opp i Stortinget før jul, skriv NRK.

Dagleg leiar i Norsk Sportsbransjeforening, Trond Evald Hansen, seier folk skal få produkt som passar målsetjing og føresetnadar for aktivitetsopplevingane dei har kjøpt dei til.

– Når dei ikkje får det, bommar vi. At denne kunnskapen blir spreidd rundt, er heilt fantastisk.

Forbrukarrådet meiner ei merking av forventa levetid er bra for miljø og bra for kundane.

– Eg har eit håp om at det kan bli konkurranse blant aktørane om å lage sko som både har høg kvalitet og som også varer lenge, seier Thomas Iversen i Forbrukarrådet.


Foto: Freestocks.org/Unsplash