«Vi treng ein ny ruspolitikk som reddar liv, i staden for å ta livet av folk»

Emilie Ovnerud
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi treng ein ruspolitikk tufta på fakta, og ikkje frykt.

For nokre dagar sidan kom nyheita om at Tyskland går inn for å legalisera cannabis. Den nye tyske regjeringa erkjenner at dagens forbod ikkje fungerer, og følgjer etter land som Uruguay, Canada, Nederland og fleire amerikanske delstatar. Tidlegare dette året har òg Luxemburg varsla at dei vil legalisera, medan Danmark fortset prøveordninga med medisinsk cannabis, og Sveits innfører eit prøveprosjekt med legalisering. 

Det går ei liberal rusbølgje gjennom Europa – no må Noreg følgja etter!

Historia har vist at forbodslinja ikkje fungerer.

Historia har vist at forbodslinja ikkje fungerer. Medan rusbruken ikkje har vorte noko mindre, har derimot det kriminelle miljøet vorte langt større. Forbodslinja gjer at vi finansierer mafiaverksemd og kriminelle gjengar som rekrutterer allereie vanskelegstilte ungdommar inn i verre miljø. Mafiasjefar vil putta ulike avhengigheitsskapande stoff i ting som eigentleg ikkje er så farleg, og du veit aldri korleis dosen du får vil slå ut. 

Ved å regulera salet vil vi sørga for at alle har eit trygt forhold til rus, men også avgrensa den svarte marknaden. Med ei statleg regulering får vi kontroll over kva og kor mykje som blir seld, slik at folk som bruker rus veit kva stoff dei puttar i kroppen sin. Eit regulert sal vil òg gjera at vi òg kan få inn skattar og avgifter, som kan gå tilbake til oppfølgning og behandling av menneske med rusproblem. 

Vi treng ein ruspolitikk som er tufta på skadereduksjon og ikkje ein nullvisjon for rusbruk. Nullvisjonen har sidan Nixon erklærte «war on drugs» vore urealistisk og ramma dei som slit aller mest. Stigma, straff og forbod fører ikkje til mindre rusbruk – det berre skadar dei menneska vi ønsker å hjelpa. 

Fordi rus er farlegast når han er forboden.

Rus er farlegast når han er forboden.

Ei regulert omsetjing handlar om å redusera tilgjengelegheita for rus og dei skadelege konsekvensane av rusbruk. Det handlar om å gjera livet tryggare for mange menneske.

Den nye tyske regjeringa har forstått at straff og forbod ikkje løyser eit einaste problem. Diverre held den norske regjeringa fast på at politiet må fortsetja med å strippa ungdom nakne dersom dei tar seg litt hasj. 

300 overdosedødsfall kvart einaste år er tydelegvis ikkje nok for Arbeidarpartiet å innsjå at dagens ruspolitikk er fullstendig feilslått. Vi treng ein ny ruspolitikk som reddar liv, i staden for å ta livet av folk.


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til tips (a) framtida.no eller på melding på Instagram

Les også: Kjære politikar: «Er det ikkje snart yrkesfag sin tur?»

Illustrasjonsfoto: Beate Haugtrø.