BankID forsvinn frå mobil – framover må du betale via app eller med kodebrikke

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det opplyser Jan Bjerved, som er leiar for BankID.

Han seier at årsaka til at mobilmetoden blir bytt ut, er fordi BankID på app vil gjere det lettare å bruke og meir tilgjengeleg for fleire. I tillegg skal det spare brukarane for tid.

BankID er ein personleg elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på nettet, altså eit slags digitalt pass for å stadfeste kven du er.

Avgrensingar

Bjerved påpeikar at det er avgrensa kva BankID på mobil kan brukast til, mellom anna når det gjeld signering av dokument.

– BankID på app støttar fleire brukstilfelle enn BankID på mobil. Tenesta har heller ingen kostnader for brukarane og krev berre datatrafikk for å fungere. Dette gjer også tenesta meir stabil og påliteleg for brukarane, seier han.

Å bruke vanleg BankID med kodebrikke eller app kostar ingenting. Nokre teleoperatørar tek betalt for BankID på mobil fordi denne tenesta er knytt til sim-kortet på mobilen.

Utfasing frå hausten av

Utfasinga startar i haust mellom september og november. Første steg er å stanse alle nye aktiveringar av BankID på mobil.

Bjerved tilrår derfor å laste ned appen så snart du får beskjed frå banken din om at det nærmar seg, for ein smidig overgang.

– BankID på mobil vil framleis fungere for dei som har tenesta aktivert, seier han.

– Men sidan tenesta er knytt til mobilens sim-kort, vil dei som mistar mobilen, byter mobiloperatør eller får nytt sim-kort etter at det er stoppa for nye aktiveringar, også missa tilgangen til BankID på mobil. Då må dei heller velje app eller kodebrikke som alternativ, seier han vidare.

Tilråding: Hugs passord

Bjerved seier at det kan oppstå problem med å aktivere appen fordi då krevst det at ein har eit aktivt BankID-sertifikat frå banken. Det er ikkje det same som BankID på mobil, understrekar han.

– Trufaste BankID på mobil-brukarar kan oppleve at deira BankID-sertifikat er gått ut viss dei ikkje har brukt kodebrikka på lang tid, og at dei ikkje får aktivert BankID-appen. Vi vil derfor oppmode folk til å sjekke om dei har eit aktivt BankID-sertifikat før dei lastar ned BankID-appen, seier Bjerved.

Dette kan sjekkast via Min Side på Bankid.no, som gir ei oversikt over kva BankID-sertifikat som er aktive. Dersom ein ikkje har eit aktiv BankID-sertifikat, må det bestillast gjennom banken ein bruker – gjerne i god tid på grunn av leveringstida, seier Bjerved.

App-brukarane må også hugse BankID-passordet sitt når dei skal logge inn og signere i appen. Dei som ikkje hugsar passordet sitt, kan bestille nytt i banken.

Ansiktsgjenkjenning

Til hausten blir oppdatert BankID-appen med biometri, altså kan brukarane bruke ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller pinkode i BankID-appen.

– Der dagens løysing tek omtrent 30 sekund, vil innlogginga med BankID-appen ta under 10 sekund når vi lanserer biometri, seier Bjerved.

– Denne innlogginga vil folk bruke i fleire og fleire situasjonar. Viss du skal signere avtalar som krev ekstra tryggleik, må du framleis bruke personleg passord, seier han vidare.

Nærare hundre bankar i Noreg tilbyr BankID-appen, medan nokon bankar har sin eigen kodeapp for BankID. Du vil få informasjon frå banken din om kva app du skal nytte.