Frå denne 1. juli vil fastrentene vere:
- 3,435 prosent for tre års fastrente (stig med 0,661 prosentpoeng)
- 3,581 prosent for fem års fastrente (stig med 0,680 prosentpoeng)
- 3,687 prosent for ti års fastrente (stig med 0,669 prosentpoeng)
Tre og fem års fastrente når det høgaste nivået på elleve år, sidan september 2011. Førre gong ti års fastrente var høgare, var i juli 2014.
– Etter ein lang periode med låge fastrenter, bevegar no alle fastrentene seg opp på tretalet. Dette er ei markant endring, som kjem i kjølvatnet av at bustadmarknadrentene har auka mykje, seier Morten Rosenkvist, administrerande direktør i Lånekassen.
Flytande rente frå 1. juli er 1,815 prosent.
Les også: Revidert nasjonalbudsjett: Dette er viktig for deg som er ung

Oppdatert:
fredag 10. juni 2022 10.23