Stor forskjell i kor etiske og berekraftige bankane er

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor opptekne er bankane av miljø og etikk? Forskjellane er store

For tredje år på rad har Forbrukerrådet og Framtiden i våre hender kåra dei mest og minst etiske bankane. Bankane vert målt på sine ambisjonar og retningslinjer på tematikkar som klima, menneskerettar, likestilling, korrupsjon, openheit, naturvern og biologisk mangfald.

Håpar å få eit «berekrafts-kappløp»

Resultata vert presentert i ein tabell der folk lett kan sjekke korleis deira bank ligg an. Organisasjonane bak undersøkinga håpar oversikta vil starte eit kappløp mellom bankane for å kome ut best mogleg. Og det har dei klart.

Medan gjennomsnittsskåren var på 38% i 2016, auka den til 51% året etter, og i fjor låg snittet på 60%. Det er eit høgt landsnitt, og berre Sverige og Nederland kan skilte med liknande tal ifølgje prosjektleiar Gustavo Parra de Andrade frå Framtiden i våre hender.

Cultura Bank gjekk sigrande ut med gullmedaljen for tredje år på rad og fekk ein skår på heile 98%. Sparebank 1 Nord-Norge kom dårlegast ut med berre 34%.

Sjå korleis din bank kom ut her

Gode retningslinjer er ikkje ein garanti for god praksis

Etisk bankguide

Korleis arbeider bankane med berekraft i praksis? Karoline Bakka Hjertø (t.h.) og Åsne Ådland-Dale (i midten) i samtale med moderator Jorge B. Jensen (t.v) frå Forbukerrådet. Foto: Ida Johanne Aadland

Karoline Bakka Hjertø frå Sparebanken meiner tala kan gje eit feil bilde. Ho er leiar for berekraft og samfunn i Sparebank 1 Østlandet.

– Her samanliknar ein store forretningsbankar med små sparebankar, sa Hjertø under lanseringa av bankguiden.

Åsne Ådland-Dale er leiar for samfunnsansvar i Sparebanken Vest. Ho seier at at noko av grunnen til at enkelte Sparebankar kjem dårleg ut, er at dei har vore dårleg på å ha informasjon opent ute på nettsidene sine, sjølv om dei har hatt utarbeidde retningslinjer.

– Denne modellen er bygd opp under «one size fits all», og det kan opplevast frustrerande, seier ho.

Dei er likevel begge to positivt innstilt til kåringa og inviterer meir enn gjerne organisasjonar til samarbeid for å bli endå betre.

Kåringa tek berre for seg retningslinjene til bankane, og ikkje nødvendigvis i kva grad bankane følgjer dei i praksis.

– Gode retningslinjer er ikkje ein garanti for god praksis, men utan retningslinjer går det iallfall ikkje, seier prosjektleiar Parra de Andrade.

Les også om masteroppgåva som etterlyser grønare investeringar: – Ein grøn investeringsbank kan vere vegvisar

Etisk bankguide

Nøgde bankar med årest prisar. Cultura bank (t.h.) fekk gull, Storebrand (t.v.) fekk sølv i tillegg til prisen for årets beste fondsforvaltar, og KLP (ikkje til stades) fekk bronsediplom for sitt arbeid med etikk og berekraft. Foto: Ida Johanne Aadland