Revidert nasjonalbudsjett: Dette er viktig for deg som er ung

75 millionar i post-coronatiltak for unge, fleire studieplassar på Politihøgskolen og fredsreiser får støtte i revidert nasjonalbudsjett.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pengar

352,2 milliardar oljekroner

Regjeringa legg opp til å bruka 352,2 milliardar oljekroner, noko som er 2,9 prosent av verdien av Oljefondet og 30 milliardar meir enn i utkastet frå i haust, ifølgje E24.

Handlingsregelen seier at politikarane maks kan bruka 3 prosent av verdien av Oljefondet. Ekspertar fryktar den auka pengebruken kan føra til noko kraftigare rente.


Student

100 nye studieplassar ved Politihøgskolen

Regjeringa løyver 13,2 millionar ekstra for å opprette 100 nye studieplassar ved Politihøgskolen, ifølgje NTB.

 

Kutt for NTNU-campus

Campusprosjektet ved NTNU i Trondheim har ei budsjettramme på 11,8 milliardar kroner. Regjeringa føreslår ifølgje NRK å kutta campus-prosjektet med 196 millionar.

 


Skuleelev

75 millionar i post-pandemistøtte for barn og unge

Regjeringa løyver 75 millionar til kommunar for å motverka negative konsekvensar av pandemien. Pengane skal gå til område som har hatt strenge smitteverntiltak over tid og kommunane får lokalt handlingsrom til å bestemma kva tiltak det er behov for, melder regjeringa.

2 millionar til Hvite busser og Aktive Fredsreiser

Aktive Fredsreiser og Hvite busser, som arrangerer skuleturar til konsentrasjonsleirar frå 2. verdskrigen, får 2 millionar kroner kvar i eingongsstøtte etter pandemien.

2,3 millionar til 22. juli-senteret

Regjeringa set av 2,3 millionar til utvikling av dei digitale plattformene til 22. juli-senteret, som jobbar mykje med formidling inn i skulen. Les meir på nettsidene til senteret.

Støttegruppa for 22. juli får òg 2 millionar til å profesjonalisera organisasjonen.


Tuva Todnem Lund er leiar av Norsk Studentorganisasjon. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold