Eigenkapitalkravet for bustadlån blir senka

Regjeringa senkar kravet til eigenkapital for bustadlån frå 15 til 10 prosent frå 1. januar. Det vil gi høgare bustadprisar, trur økonomar.

NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug og Andreas Løf
Publisert

Regjeringa senkar kravet til eigenkapital for bustadlån frå 15 til 10 prosent frå 1. januar. Det vil gi høgare bustadprisar, trur økonomar.

Eigenkapitalkravet avgjer kor stor del av verdien på bustaden ein sjølv må stille med for å få bustadlån. Skal ein kjøpe bustad til 3 millionar, må ein med eit eigenkapitalkrav på 10 prosent stille med 300.000 kroner sjølv.

Konsekvensane av tiltaket er at det blir lettare å få bustadlån, men det kan også bety høgare prisar.

– Det er grunn til å tru at eit lågare krav til eigenkapital vil gi eit lite, ekstra løft i bustadprisane. For eit ungt par som skal kjøpe seg leilegheit i ein norsk by kan det vere snakk om at dei treng 150.000 til 200.000 mindre i oppsparte midlar før dei kan kjøpe, seier sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 Sør-Noreg til NTB.

Makroøkonom Karoline Alsvik i Handelsbanken er endå meir tydeleg.

– Dette vil primært auke etterspurnaden og dermed prisane. Vi ser på dette som ein rein etterspurnadsimpuls. Det gir auka lånemoglegheiter for alle, og då er vi like langt i bodrunden, skriv ho til E24.

Noregs Bank er for – Finanstilsynet imot

Regjeringa har samtidig fjerna utløpsdato for bustadlånsforskrifta, medan ho så langt har måtta fornyast annakvart år.

– No senkar vi kravet til eigenkapital for bustadlån frå 15 til 10 prosent. Eg er oppteken av at det skal vere trygt og godt å eige bustad i Noreg og at flest mogleg skal få høve til å eige sin eigen bustad. Endringa kan bidra til at fleire kjem seg inn på bustadmarknaden, samtidig som ei vidareføring av forskrifta bidreg til tryggleiken i økonomien, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Noregs Bank foreslo å senke eigenkapitalkravet til 10 prosent i oktober. Samtidig er både Finanstilsynet og Forbrukarrådet svært skeptiske til å gjere eit slikt grep. Finanstilsynet vil ikkje kommentere saka, utover at dei vil forhalde seg til den nye forskrifta.

– Vi har lytta til Finanstilsynet og Noregs Bank. Det er viktig med stabile og gode rammevilkår, og vi meiner vi no har funne ein god balanse mellom folks behov for lån for å finansiere bustad og omsynet til finansiell stabilitet. Derfor fjernar vi utløpsdatoen, seier Slagsvold Vedum.

Finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: NTB Kommunikasjon, statsministerens kontor

Kan bli fleire som vel fastrente

Grep som elles blir gjort er å endre den såkalla rentestresstesten for fastrentelån, ved å opne for at bankane kan leggje til grunn at kundars inntekter og utgifter veks undervegs i perioden der ein bind renta. Her blir det opna for å konkretisere ytterlegare seinare.

I tillegg ber Finansdepartementet no bankane om å ta fleire individuelle omsyn når det gjeld mellom anna barnefamiliar, i staden for å vurdere inntektene og utgiftene deira ut frå referansebudsjett.

– Det er generelt viktig for meg at folk har høve til å eige sin eigen bustad, men eg trur det er ekstra viktig at familiar med barn får høve til å etablere seg i trygge og gode bustader i heile landet, seier finansministeren.

Knudsen i Sparebank 1 påpeikar at endringane i stresstesten for fastrentelån kan føre til at fleire vel slike lån. I Noreg har dei fleste flytande rente, noko som er uvanleg.

Bank- og bustadnæringane jublar

Byggjebransjen har hatt låg aktivitet i fleire år, og NHO Byggenæringen er fornøgd med at eigenkapitalkravet blir senka. Samtidig ber administrerande direktør Nina Solli om at det blir sett i gang fleire bustadprosjekt.

Også Norges Eiendomsmeglerforbund er svært fornøgde med endringa, og meiner det vil gi fleire barnefamiliar og folk med vanlege inntekter moglegheit til å komme inn på bustadmarknaden. Dei ser for seg at endringa, saman med forventningar om lågare rente i nær framtid, vil føre til at det blir bygd fleire bustader.

Nordeas landssjef Randi Marjamaa meiner det er positivt at bankane får større spelerom til individuelle vurderingar.