«Ikkje alle har moglegheit til å delta på ein fritidsaktivitet som kostar fleire hundre kroner i månaden»

Hannah Emilie Liberg (19)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Bidraget var eitt av dei som fekk heider i Framtida.no og Foreningen! les sin skrivekonkurranse om fritid.

Fritidsaktivitetar er noko som interesserer dei fleste, og som er ein stor del av livet for mange. Kanskje er du glad i å spele fotball, handball, spele spel eller å turne.

Det finst mange ulike aktivitetar ein kan drive med, og det gjeld å finne noko som du interesserer deg for. Men kva gjer ein når kostnadene blir store? Er eigentleg fritidsaktivitetar for alle når kostnadane kan bli for høge?

Heilt frå ein er liten blir ein introdusert for mange ulike fritidsaktivitetar. Allereie frå barneskulealder begynner ein ofte å interessere seg for ulike aktivitetar.

Vi har alle høyrt om dei i klassa som har spelt fotball heilt sidan dei var 6 år, og som enda speler. Eller dei som har prøvd både fotball, handball, turn og alle aktivitetar det er mogeleg å nemne.

Det som ingen snakkar om, er dei som fell utanfor på grunn av kostnadene

Men det som ingen snakkar om, er dei som fell utanfor på grunn av kostnadene, altså dei som ønsker å drive med ein idrett, men kor familiens økonomi seier nei.

Det å spele fotball er ein kostbar fritidsaktivitet, og det kostar meir enn folk trur. Det finst derfor barn der ute som kanskje elskar å spele fotball på fritida og som gjerne skulle spelt med andre, men som rett og slett ikkje har pengane til det.

Plutseleg skal dei som speler fotball i klassa di på fotballcup, og du skulle verkeleg ønske at du kunne vere med. Du har kanskje drøymt om det helt sidan du var liten, men familien din har ikkje pengar til det. Du ønsker det verkeleg, men økonomien set ein stoppar for det.

Det å vere ein del av ein idrett gjer at du blir ein del av ein gjeng, og det er kanskje enklare å bli inkludert. Så kva med dei som ikkje har moglegheita til å vere med å spele fotball eller drive med ein annan fritidsaktivitet?

Kanskje har du følt deg åleine og utanfor, og at det er vanskeleg å bli inkludert

Kanskje har du følt på akkurat dette, at du gjerne skulle ha vore med på ein fritidsaktivitet, men det er for dyrt. Kanskje har du følt deg åleine og utanfor, og at det er vanskeleg å bli inkludert fordi du ikkje er ein del av det dei andre rundt deg driv med.

«Fritidsaktivitetar er for alle» har du kanskje høyrt ein del gonger før. Men er det eigentleg det når det blir ein skilnad på økonomien til folk?

Det er jo ikkje alle som har moglegheit til å delta på ein fritidsaktivitet som kostar fleire hundre kroner i månaden, uansett kor mykje dei ønsker det. Så kanskje det er på tide å endre dette! Kanskje det er på tide å skape eit meir inkluderande fritidstilbod, slik at alle har moglegheit til å vere med uansett kor mykje pengar ein har.

Det skal ikkje vere slik at ein ikkje kan delta på noko fordi kostnadene blir for høge. Så la oss endre på dette ein gong for alle, ikkje la nokon bli på utsida!


Har du noko på hjartet? Skriv inn ditt meiningsinnlegg til: tips(ALFAKRØLL)framtida.no


Les intervju med vinnaren av skrivekonkurransen: Eg trur den frivillige innsatsen treng at det er fleire unge med

William Matteus Fonn (17) frå Namsos vann skrivekonkurransen om fritid, arrangert av Framtida.no og Foreningen! les. Foto: Karoline Fonn