Kvääninuoret – Kvenungdommen får den kvenske språkprisen for 2021

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 16.03.2021 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvääninuoret nyttar i stor grad kvensk språk i sosiale medium og er såleis med på å gjere språket relevant for samtida, skriv juryen i grunngjevinga.

Den kvenske språkprisen er oppretta av Språkrådet (Kieliraati) for å fremje, utvikle og ta vare på det kvenske språket.

Prisen vert delt ut på den kvenske språkdagen 26. april og består av 25 000 kroner og eit diplom.

Språkdirektøren rosar Kvääninuoret

Direktør i Språkrådet Åse Wetås gratulerer Kvääninuoret – Kvenungdommen med prisen.

– Det er ei stor glede for Språkrådet å kunne gje prisen til ungdom som brenn for hjartespråket sitt og som tek ansvar for å løfte kvensk inn i framtida. Kvensk språk er ein del av vår felles norske kulturarv, og Kväaninuoret – Kvenungdommen gjer ein viktig jobb på vegner av oss alle, seier Wetås i pressemeldinga.

Prisen vart delt ut første gong i 2017 og vert delt ut annakvart år. Den første prisen gjekk til Eira Söderholm og Agnes Eriksen, medan den andre gjekk til Liisa Koivulehto.

No er det ungdommen som vert hylla av juryen:

«Kvääninuoret har eit sterkt engasjement for vern, fremjing og utvikling av det kvenske språket i sine ulike variantar, ikkje berre på tradisjonelt munnleg og skriftleg vis, men òg i meir moderne digitale samanhengar, der Kvääninuoret har vore aktive pådrivarar for bruk av Internett. Kvääninuoret gjer såleis ein særs viktig jobb for å føre det kvenske språket inn i framtida, både ved å stø opp om kvensk hos den generasjonen som skal ta språket med seg vidare, og ved å bringe det kvenske språket inn på notidas og framtidas språklege arenaar,» skriv dei i grunngjevinga.

Nora Marie Ollila var leiar i Kvenungdommen 2020-2021.

Fekk ikkje driftstilskot frå fylkeskommunen

I november skreiv Framtida.no om at ungdomsorganisasjonen ikkje lenger får driftstilskot av rå Troms og Finnmark fylkeskommune.

– Avslaget om driftsmiddel går ut over vår moglegheit til å delta i demokratiet, og gjer det vanskelegare for unge kvener å få stemma si høyrd, sa ein oppgjeven styreleiar Nora Marie Ollila over telefon til Framtida.no.

Saka vart klaga inn til Kommunal- og moderninseringdepartementet, som peika på at Kvenungdommen kan søka driftstilskot over Kulturrådet si tilskotsordning til nasjonale minoritetar.