Kvenungdommen får ikkje driftsmiddel: – Vanskeleg å forstå og akseptera

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvenungdommen mistar pengestønad: – Vanskeleg å forstå og akseptera

– Avslaget om driftsmiddel går ut over vår moglegheit til å delta i demokratiet, og gjer det vanskelegare for unge kvener å få stemma si høyrd, seier ein oppgjeven Nora Marie Ollila over telefon til Framtida.no.

Ho er styreleiar i Kvenungdommen, eller Kvääninuoret, som arbeider for å skape møteplassar for kvensk ungdom, og for å styrka kvensk ungdomsidentitet og kultur.

Det vert vanskelegare no, for ungdomsorganisasjonen har fått endeleg avslag om driftsmiddel frå Troms og Finnmark fylkeskommune.

Før fekk dei tilskot til driftsmiddel, no er dei utestengde frå alle tilskotsordningar og kan berre få prosjektmiddel.

Ungdomsorganisasjonen skildrar situasjonen som kritisk.

Budsjettet har 0 kr til drift

Kvenungdommen har stort sett vore drive av frivilligheit. Middel frå tilskotspotten har likevel vore avgjerande for drifta av organisasjonen – spesielt når det kjem til møteverksemd og samlingar.

I utgangspunktet har me eit budsjett på 0 kr til administrasjon og drift, etter avslaget.

Kvenungdommen har difor sett seg nøydde til å starte ein kampanje for å samle inn pengar, sidan driftstilskotet uteblir.

Tilskottspotten dei har søkt om stønad frå er ei nasjonal tilskotsordning for kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur. Ollila reagerer på at den positive utviklinga organisasjonen har hatt, ikkje vert spegla i midlane dei får.

Denne illustrasjonen delte Kvenungdommen på Instagram. Fylkeskommunen med pengesekkar, og tomhendte medlem av Kvenungdommen. Illustrasjon: Evelyn Førstemann Nilsen

Det står i vedtektene at prosjekta som omhandlar barn og unge skal prioriterast når midlane skal delast ut. Når det er ungdomsorganisasjonar som opplever dei største kutta, og når me har fått middel frå same potten før, er det vanskeleg å forstå og akseptera.

Rettleiing eller villeiing?

På nettstaden og på sosiale medium peikar Kvenungdommen på «misleiande rettleiing» frå fylkeskommunen som noko dei er misnøgde med.

Kva legg de i misleiande rettleiing?

Me kallar det ikkje rettleiing, men villeiing. Me var i dialog med fylkeskommunen før me søkte, der me fekk tilbakemeldingar på korleis me burde søka for å best oppfylla søknadskrava for driftsstønad. Me fekk jo avslag, så me er særs misnøgde med prosessen.

Kvenungdommen har sidan oppstarten i 2008 fått prosjektmiddel frå potten dei også no hadde søkt driftsmiddel frå. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har stått for forvaltninga, heilt til fylkeskommunen har teke over, i samband med samanslåing og regionreform.

Etter at Troms og Finnmark fylkeskommune tok over forvaltninga, kom det nye forskrifter og retningsliner for forvaltninga av desse pengane.

Skjermbilete frå Kvenungdommen sin instagram

Oppmoda til å søka om faste driftsmiddel

Moderorganisasjonen Norske kveners forbund (NKF) har sett etter betre måtar å finansiera Kvenungdommen på, enn gjennom prosjektmiddel.

Dei var i møte med fylkeskommunen i vinter, for å finna ut kva dei kunne søka om. Der vart dei anbefalt å be om to ting:

  • At søknaden deira skulle prioriterast
  • At fylkeskommunen skulle vurdera faste driftsmiddel til Kvenungdommen

Det gjorde dei, i tru om at dei ville få innvilga driftsmiddel.

Fylkeskommunen landa likevel på at Kvenungdommen ikkje kvalifiserer til dette driftstilskotet, då dei ikkje oppfyller krava i forskrifta.

«Dersom Kvääninuoret skal vera kvalifisert for stønad gjennom driftstilskotsordninga som TFFK forvaltar, må forskrifta endrast», skriv fylkeskommunen.

Fylkeskommunen: Basert på forskrifta kan det ikkje gjevast driftsstønad

Troms og Finnmark fylkeskommune har teke over forvaltninga av tilskotsordninga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet etter samanslåinga av fylkene Troms og Finnmark.

Det er riktig at det vart gjeve avslag på delar av søknaden frå NFK, om drift og utvikling av ungdomsorganisasjonen Kvääninuoret innanfor nasjonalt tilskot til kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur.

Det skriv fylkeskommunen ved avdelingsleiar for kultur, Heikki Knutsen, i ein e-post til Framtida.no.

Basert på forskrifta, ser ikkje fylkeskommunen at Kvenungdommen kvalifiserer til driftsstønad.

Det er likevel grunn til å presisera at Troms og Finnmark fylkeskommune tildelte Kvääninuoret kr 80.000,- i prosjektstønad til språkleir. Det var denne delen av søknaden som fekk støtte.

Knutsen skriv vidare;

Det kan leggast til at Troms og Finnmark fylkeskommune i 2020 også har gjort fylgjande tildelingar av midlar til Kvääninuoret: 40 000 kroner frå fylkeskommunale midlar til prosjektet «Kolme!» og 100 000 kroner kvart år i tre år (2020 – 2022) frå det nasjonale tilskotet til kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur til prosjektet «Kolme!».

Uviss framtid

Avdelingsleiar Heikki Knutsen skriv at klaga frå NKF vart behandla på nytt, og at dei sto ved avslaget.

Vedtaket vart deretter sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som er det endelege klageorganet for tilskotsordninga. Også departementet valde å halda avslaget ved lag, på den delen av søknaden som omhandla driftsutgifter.

Men, Kommunal- og moderninseringdepartementet påpeika i si behandling at Kvenungdommen kan søka driftstilskot over Kulturrådet si tilskotsordning til nasjonale minoritetar.

Fylkeskommunen har ikkje kome med ei orsaking, men dei har sagt at det var uheldig at dei gav oss det inntrykket dei gjorde, seier Ollila.

Ollila forklarar at dei søkte middel i april, og fekk endeleg svar på klaga frå klageinstansen så nyleg som 19. oktober. Det har vore ei belastning å leva i uvisse kring finansieringa av organisasjonen.

Noora Marie Ollila er klar på at Kvenungdommen er den typen organisasjon denne typen tilskotsordning må favna om, og ynskjer endring for å sikra framtida til organisasjonen.

Det me håpar på, er at forskriftene kan endrast, slik at me kan søka både prosjektmiddel og driftsmiddel frå tilskotspotten. Me håpar også at fylkeskommunen fylgjer retningslinene sine, der det heiter at barn og unge skal prioriterast.

  • Les også om Fatemeh (16) som skreiv om det fyrste møtet med Noreg, og vann skrivekonkurranse om håp:  Kjempeglad og overraska!

    Fatemeh Adili skreiv om håp i skrivekonkurranse

    Fatemeh Adili går på studiespesialisering på Sandnes vidaregåande og vann skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og Falturiltu. Foto: privat