Klima og miljø

«Eg håper parti som ønsker å fengsle meiningsmotstandarar ikkje vinn stortingsval»

Ved å vere bråkjekke og historielause tråkkar FpU rett oppi zeitgeist-salaten. Eit samansurium av «anti-woke», flørting med det totalitære høgre, hundefløyter og «alle blir så krenka» blei til ein mediestorm, skriv Mari Qviller.

Mari Qviller (24)
Dramatikar og aktivist
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No, når det verkar lenge sidan sist nokon sa noko vettug – er det vanskeleg å forstå kva gamle Evelyn Hall eigentleg meinte med «Eg er ikkje einig i det du seier, men eg vil døy for å forsvare retten din til å seie det».

At tomsingane tek over verda, betyr eit tynnslite tolmod frå mange aktivistar.

Det fekk ein kar med store vyar, Simen Velle, kjenne på her om dagen.

Bråkjekk og historielaus

Førre veke publiserte FpU noko på Instagram som fekk mange til å stusse. Det var eit bilde av nokon rare folk med rosa hår og katteøyre, bak lås og slå, mens dei heldt opp plakatar med «skulestreik for klima».

Teksten FpU skreiv var «Klimapøblene skal i fengsel».

Ved å vere bråkjekke og historielause tråkkar FpU rett oppi zeitgeist-salaten.

Eit samansurium av «anti-woke», flørting med det totalitære høgre, hundefløyter og «alle blir så krenka» blei til ein mediestorm større enn det vesle partiet kunne håpa på.

Kvifor det, spør kanskje Simen Velle seg no.

Eg vil hjelpe han på veg. Det har sjeldan vist seg at dei som ønsker å fengsle fredelege aktivistar står på rett side av historia.

Oh she didn’t.

Jau då.

Og før du seier «det var ikkje det dei sa, dei sikter sikkert til dei som kastar måling på ting», vil eg poengtert noko fleire har sagt dei siste dagane.

Hærverk og sabotasje er allereie ulovleg i Norge. Dei (modige) folka som kasta måling på ting risikerer fleire millionar i bøter, i tillegg til fleire månader i fengsel.

Det hadde ikkje vore ekte FpU-ragebait om det var så enkelt.

Så kvifor går FpU til kamp mot klimapøblane?

Skeiv hundefløyte

Eg har sjølv nedbetalt bøter for «pøbelstrekar» som korkje gjekk utover eigedom, andre eller meg sjølv.

I skrivande stund ventar eg og dei andre Fosen-aksjonistane på svar om saka mot oss skal prøvast i Høgsterett.

Det tyt aktivistar ut av vindauga på norske rettssalar. Som regel får vi bøter, og nokre få gonger står prinsippa så sterkt at ytringsfridomen veg tyngst. Sånn går no dagane.

Det er ikkje dette byråkratiske marerittet som er draumen til FpU.

Eg vil tilbake til katteøyra.

Transaktivist Luca Dalen Espeseth sa det heilt klart på sin Facebook:

«Det er oss de prøver å stereotypt fremstille og gjøre narr av når de bruker en illustrasjon med farga hår og katteører.»

FpU trudde kanskje ikkje at skruller hadde sjølvinnsikt, men sjølvsagt veit vi at det er oss dei siktar til.

Dette er eit veldig godt eksempel på ei «hundefløyte».

Noko som ikkje seiast høgt, men som funkar som flugepapir på høgrevridde forum.

Du kan ikkje ta dei på det, men det oppmodar til fordommar mot skeive.

Greta VS Tate

Eg klarer heller ikkje riste av meg plakaten. «Skolestreik for klima».

Det var ingenting assosiert med skolestreikane som var ulovlege aksjonar. Eg skulka sjølv halve 3. klasse for å vere med på alle demonstrasjonane, men sjølv om FpU er for fråværsgrensa, kan dei ikkje meine at skulk kvalifiserer til fengselsstraff?

Eg trur det blir nemnt på grunn av eit sinne mot Greta Thunberg som har bygd seg opp over tid.

Først fekk klassekameratane auga opp for klimasaka.

Så kasta ho Andrew Tate i kasjotten. (Red. merk: Rumensk politi avkrefta i 2022 at videoane Tate svarte Thunberg med på dåverande Twitter, var grunnen til at dei fekk pågripe han.)

Også begynte ho å prate om samanhengane mellom kolonisering, kapitalmakt og klima.

Klart ho må i fengsel.

Foreløpig er ikkje klimapøblar eit samfunnsproblem. Nokon gonger er det upraktisk, nokon gonger er det augesår, men om dei folkevalde fortsett å neglisjere klima- og naturpolitikk kan eg garantere at det ikkje blir færre «klimapøblar».

Kor er liberalismen når vi treng han

Når Frp openbert ikkje siktar til handlingane aktivistane gjer, men bodskåpet om klima og miljø, begynner vi å nærme oss eit skummelt punkt for ytringsfridomen.

Denne trenden ser vi heilt klokkeklart i USA. Trump snakkar om fridom, ørnane flyg, og lommane er fulle av kinaputtar, samstundes som det frå og med februar ikkje lenger er lov å forske på kvinner, likestilling eller biomangfald i USA.

Når det er verda vi må forhalde oss til, ser eg på dette som det liberalistiske ungdomspartiet FpU si avskjed til fridomen.

Det er synd. Noko vi absolutt hadde trengt i debatten no, er nokon som utan atterhald talar fridomen si sak kvar gong.

Eg vil døy for Simen Velle sin rett til å skrive det han gjer, utan å bli kasta i fengsel. Eg håper berre parti som ønsker å fengsle meiningsmotstandarar ikkje vinn stortingsval.