Grønt krav om framtidsombod

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nær 100 ungdommar møter på årsmøtet i Oslo i helga. Målet er å vinna plass på Stortinget for Miljøpartiet Dei Grøne.

I 2012 vaks Grøn Ungdom frå rundt 400 til over 680 medlemmar og hadde den nest største medlemsveksten av alle ungdomspartia. Talet på fylkeslag vaks òg frå fem til tretten, og Grøn Ungdom er no representert i alle landsdelar.

Valkomiteen innstiller på Ingrid Ophaug Dahl som ny talsperson i ungdomspartiet saman med Hallvard Surlien. Ho vil erstatta Ida Karina Kann.

Framtidsombod
Blant sakene som Grøn Ungdom skal ta opp er kravet om eit eige framtidsombod.

– Vi lever i eit samfunn med ein produksjon og eit økonomisk system som ikkje er berekraftig. Frykten hos dei folkevalde for å ikkje bli attvald til neste periode fører ofte til at kortsiktig økonomisk vekst går ut over omsynet til framtida, seier Ingrid Ophaug Dahl.

Ho viser til at det i 2011 vart investert over 120 milliardar kroner i oljesektoren. Til samanlikning vart 6,7 milliardar investert i fornybar energi.

LES OGSÅ: – Politikken er for kortsiktig

– Grøn Ungdom meiner dette er politikk som er med å fråta framtidige generasjonar livsgrunnlagetdeira. Omsynet til framtidige generasjonar er òg nemnt i Grunnloven. Me meiner at eit Framtidsombud vil vera det konkrete tiltaket vi treng for å sikra ein miljøvennlig og langsiktig politikk som vil kunne sørga for at loven blir følgt, heiter det i innstillinga til resolusjon.

Det norske klimaforliket seier at norsk klimapolitikk skal vere blant den mest ambisiøse i verda, og nemner eit behov for ein uavhengig fagleg vurdering av klimapolitikken.

– Framtidsombudet vil vere eit konkret og positivt tiltak som viser at Noreg viser handlingskraft og tek omsynet til framtidige generasjonar på alvor, seier Ingrid Ophaug Dahl.