«Det er ikkje berre politikarar som kan endre verda»

Heidi Arctander
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar. 

Førre veke publiserte NRK ei nyheitssak om elevane på Risør videregående skole som har gjennomført ein cCHALLENGE – eit 30-dagars endringsprosjekt for klima. Prosjektet går ut på at elevane gjennomfører ei personleg utfordring knytt til berekraft i tretti dagar.

Målet er at elevane erfarer koplinga mellom endringa dei gjer i sitt eige liv, og endringar andre gjer – og ikkje minst endringa vi treng i samfunnet. 

Faksimile. NRK. 14.02.2022

I eit meiningsinnlegg 18. februar etterspør nestleiar Elise Åsnes i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire auka fokus på systemendring og politisk ansvar i klimaarbeidet generelt og i nyheitssaka spesielt. Ho stiller spørsmål ved effekten av individets kraft åleine til å ta grep.

Som prosjektmedarbeidar i Risør-prosjektet set eg pris på at Åsnes framhevar kor viktig systemendring er, og problematiserer forbrukarmakta som løysinga på klimakrisa.

Eit viktig spørsmål som oppstår er kven som har ansvar og mogelegheit til å endre strukturane og systema som ikkje er berekraftige. Der Åsnes peikar på politikarane, er det også viktig å fremje at vi alle er ein del av systemet og kan bidra til endring.

Frå forbrukarar til endringsagentar

Lenge har ditt og mitt bidrag til klimaarbeidet vorte redusert til vårt individuelle CO2-utslepp og forbruk, og dei store utsleppssektorane har sloppe unna ansvar ved at individet sit med skuldkjensle og skam.

Men potensialet som ligg i individet sitt engasjement er bidraget til sosiale endringar i samfunnet, og endringar i forventingar, normer og strukturar vi er ein del av.

Dette er noko av det vi prøvde å få til med elevane på Risør videregående skole. Då elevane utforska og eksperimenterte med ei personleg, sjølvvald endring i tretti dagar, fekk dei mogelegheit til å oppdage strukturane som påverkar oss og kva system som er modne for endring. 

Samstundes fekk dei utforska sitt eige forhold til endring i ei tid der endringsleiarskap er essensielt.

Det er ikkje berre politikarar som kan endre verda

Ein viktig del av prosjektet handla nettopp om forholdet mellom personleg endring og systemendring – og korleis vi som enkeltpersonar både vert påverka av og kan påverke system, nettverk og samfunnet.

Åsnes ønsker politisk endringsleiarskap. «Vi må heller endre dei grunnleggjande strukturane som har skapt, og framleis skapar, klimaendringane», skriv ho. Eg er heilt einig i behovet for grunnleggande strukturelle endringar på alle nivå i samfunnet. 

Spørsmålet er kven som skal endre desse strukturane? Er ikkje det til sjuande og sist ein gjeng med individ – politikarar som skuleelevar? Handlar det ikkje om politisk handling for oss alle?

Det er ikkje skuleelevar sitt ansvar å løyse klimakrisa åleine. Klimaskamma høyrer ikkje heime hos individetMen det er ikkje berre politikarar som kan endre verda. 

Den politiske endringa Spire og vi andre i miljørørsla jobbar for er heilt avhengig av at vanlege folk engasjerer seg utover å stemme ved val og vente på at politikarane skal fikse problema.

Berekraftig transformasjon er meir enn politikk

Transformasjon av samfunnet handlar om politikk, men er òg mykje større enn det.

Våre verdiar og overtydingar formar og støttar systema som må verte endra. For å utfordre verdisynet til fellesskapet treng vi ei rekkje verkemiddel: kunst, kultur, politikk, samtalar over middagsbordet heime, utforskande skuleprosjekt og eit breitt folkeleg engasjement.

Når vi som individ oppdagar at vi er meir enn forbrukarar, meir enn veljarar, meir enn karbonfotavtrykket vårt, då opnar vi ei mogelegheit for endring.

Vi er alle ein del av tallause relasjonar og alle, både skuleelevar, lærarar, bussjåførar og politikarar er ein del av systemet og har difor mogelegheit til å vere med å endre det.

Vi kan alle vere med å skape alternativet

For å løyse klimakrisa trengst det endringar i samfunnsstrukturar, og her har kvart einaste menneske ei viktig rolle å spele – der dei er. Ikkje i form av kortare dusjar i seg sjølv, men mellom anna gjennom å skape nye alternativ og nye mønster i nettverka sine. 

«Forbrukarmakt er politisk ansvarsfråskriving» konkluderer Åsnes med. Men ved å fråskrive enkeltmennesket ansvar går vi også glipp av det enorme kreative potensialet som ligg i kvar av oss til å endre systema frå der vi er og bidra til eit berekraftig paradigmeskifte som både Åsnes og eg ønsker oss. 

Ikkje som forbrukarar, men som avgjerdstakarar, samfunnsborgarar og menneske.


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg eller eit tips til tips(a)framtida.no! 


Ei ny lov om openheit for motebransjen kan bli innført i New York. Illustrasjonsfoto: Rémi Thorel / Unsplash